Eggenipa

Eggenipa sett frå Utvikfjellet
Når du passerer Byrkjelo, ser du rett mot det karakteristiske fjelltet Eggenipa som ligg i inngangen til Våtedalen. Kven kunne tru at det skulle leggast eit motbakkeløp oppover denne fjellsida? Som de vil sjå av bilda, vart fyrste motbakkeløpet, Eggenipa opp,arrangert i 2005.
Plassering i kart
Motbakkeløpet Eggenipa opp
Mange har vel hatt lyst å ta turen opp på Eggenibba når dei ser toppen frå Byrkjelo og mot Våtedalen. Den ser bratt ut, men sjølv om det er litt klyving dei siste 300 høgdemeterane er det greit å kome seg opp på toppen.
Les meir om løpet på heimesida til arrangøren Breimsbygda IL
Det er heilt utruleg at nokon kan springe opp på toppen på 47 min og 26 sek. Jon Tvedt greide det sommaren 2008. Firda. I januar 2009 omkom han på ein treningstur på Gullfjellet 42 år gamal. Sjå video frå løpet i 2008.
Landemerke i Breim
Eggenipa er eit fjell du kan sjå frå fleire plassar i Breim. Som allereie nemnt, er fjellet dominerande når du passerer Byekjelo og køyrer vidare mot Våtedalen. På veg mot Utvikfjellet kneisar Eggenipa mot deg om du ser til høgre. Etter at den tette granskogen langs vegen på siste strekninga mot Utvikfjellet er hoggen, viser fjellet sædeles godt. Den vanlegaste turløypa på Utvikfjellet går vestover mot Fløtravarden. På denne turen ser vi fjellet frå ein ny vinkel. Rundt påsketider køyrer Breimsbygda IL opp ei flott løypen innover til Svartebotnen og når du kjem til Støyvastøylen viser Eggenipa seg frå kanskje si finaste side. Bildeserien i margen viser fjellet frå alle desse vinklane.Denne fjelltoppen krydrar i alle fall naturopplevelsen i godt selskap med mange andre fjelltoppar og naturformasjonar.
-
Eggenipa sett frå Utvikfjellet Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Eggenipa Foto: Erlend Gloppestadall-rights-reserved
-
Eggenipa Opp… arrangert for fyrste gong 31.07.05.
Asgeir Årdal mot toppen og ein 3. plass.
Du er høgt over Våtedalen og Gravarvatnet. Foto: Erlend Gloppestadall-rights-reserved
-
Reinsdyr beitar på Utvikfjellet, og i bakgrunnen ser du Eggenipa. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Eggenipa i eit trolsk lys. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Eggenipa sett frå Støyvastøylen. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Eggenipa av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.