Sidemeny+

Bjørn på Sørstranda

Posted on 11. nov 2004 by in Dyreliv

Det vart observert ein slagbjørn i Nausdal rundt 1830. Dette var i ei tid då det var mykje bjørn i området, og krøtera måtte gjetast heile somrane for å holde bjørnen vekk frå dei.

Plassering i kart

På jag etter bjørnen

Bønder i Nausdal følgde bjørnen frå Nausdal og til Jølster kommune, der dei skifta folk for å jage han. Dei skifta folk etter kvart som bjørnen vandra over til nye grunneigarlag.
Dei jaga bjørnen og følgde bjørnen både vel og lenge, til han stoppa ute i Rygg markjene rett under Nibba.
Der gjekk han inn i eit hi som var der. Då vart dei som følgde bjørnen usikre om dei kunne skyte bjørnen, for det er ikkje lov til å skyte bjørn når den var gått i hi. Så to menn måtte ro over Gloppefjorden for å spørje presten om tilatelse til å skyte bjørnen.
Presten svarte at ein sann slagbjørn kan dei berre felle.
Så rodde dei to karane tilbake for å skyte bjørnen. Men dei måtte få bjørnen ut av hiet, så dei tok ei stong og festa ei einebuske på. Så fyrte dei på einen, og tok stonga inn til bjørnen. I tillegg sende dei hunden dei hadde med, inn til bjørnen for å jage han ut.
Men då hunden kom inn, tok bjørnen og skubba hunden bak seg og traska ut. Der sto jegrane klar med rifle, og skaut han med det samme han kom ut. Hunden derimot vart så redd at dei fekk han så vidt ut av hiet, og hunden fekk dei aldri med til skogs meir.

Blodhella
Det var vanleg i tidlegare år å sende hestane på beite, når det ikkje var bruk for hestane i gardsarbeidet.
Det var ein flokk hestar som var på beite ikkje så langt i frå Gimmestad støylen.
Ein bjørn begynte å komme farleg nerme og hestane stilte seg i ein ring for å beskytte dei små følla som var med dei.
Det var ein hingst som begynte og hisse seg opp og gjekk stadig til angrep når den fekk sjansen.
Plutseleg vart ein av de unge merrene skremd og starta å springe. Den kom ikkje langt før bjørnen hoppa på merra, for å drepe den.
Ikkje langt i frå beite var det ei stor helle, og merra sprang rett mot den. Bjørnen fekk stogga merra, og den datt rett ned på hella. Derfor fekk hella namnet Blodhella. Då far min var liten, vaks det ein raudleg mose på denne hella. Han trudde derfor det var blodrestar etter merra.

Fisking i Langedalen
To karar var i Langedalen for å fiske. Dei hadde båt, og rodde innover til eit nes der det kjem ei grov rennande ned i vatnet. Der gjekk den eine ut av båten, for han ville fiske i frå land. Den andre karen ville fiske i frå båt, så han rodde lenger inn på vatnet. Han som stod på land hadde fiska ei stund, då han brått høyrde ei fæla grynting og plasking i grova berre nokre få meter bak han. Fiskaren sto heilt i ro, for han skjønte at ein bjørn var i ferd med å passere. Heldigvis så var vindretninga slik at bjørnen ikkje kjende lukta av karen, så bjørnen traska vidare uten å ense karen. Etter ei stund kom den andre karen roande inn til land, og møtte ein likbleik kar. Han fekk fortalt heile historia, og lurte på kva han gjorde når bjørnen kom. «Nei, eg måtte berre vere heilt i ro. Ikkje kunne eg rope på deg, for du var langt vekke med båten. Ikkje kunne eg symje, og ikkje kunne eg springe.»

CC BY-NC 4.0 Bjørn på Sørstranda av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ørjan Moen 10c 2004
Kjelder: Gjennfortalt av bestefar til forfattaren: Kristen Moen
Kommune: Breidalen