Bakkesøte (Gentianella campestris ) Field Gentian Søterotfamilien
Bakkesøte
Planten vert mellom 5 og 30 cm høg. Det er lett å finne denne blomsten på Areberg i Lærdal.
Plassering i kart
Namn og bruksområde
Det latinske namnet har planten fått etter Kong Genius (2. århundre f. Kr) Campestris tyder mark.
Linne skreiv at dei på 1600 talet brukte bakkesøte som erstatning for humle i ølbrygging. Avkoket skulle også hjelpe mot hald eller sting.
Utsjånad
Karakteristisk stengel med 3-12 ledd-delar. Kronblada er bleikt blåfiolett og sjelden heilt kvite. Blomstrar frå juni til september og du finn han helst på grasmarker i fjellet.
Bakkesøte er på sterk tilbakegang
-
Bakkesøte Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Bakkesøte (Gentianella campestris ) Field Gentian Søterotfamilien av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.