Vintererle (Gråerle, alpeerle)

Vintererle hann
Hekkar vintererla på Sandane
Vintererla vart observert på Sandane sommaren 2003. Det kunne sjå ut som om ho hekka her. Ser ein på bilda, kan det tyde på at det er ein ho-fugl eller ein ungfugl som er observet 15. oktober 2004.
Plassering i kart
Om fuglen
Fuglen er ca. 19 cm og det er den lange stjerten på 90mm skil han mest frå gulerla. Hannfuglen har om våren ein karakteristisk svart strupeflekk. Haust og vinter er strupeflekken kvitaktig og hannen liknar meir på hofuglen. Linerla og vintererla har olag same lyd.
Rugar svært sparsomt på Austlandet.
Held seg ved rennande vatn ): bekkar og mindre elvar. Reiret blir lagt i steile hamrar ved fossar eller stryk. 4-6 egg. Gulkvit botnfarge med gulgrå og gulbrune flekkar. Eit til to kull i april-mai og juni-juli. Rugetid: 13-14 dagar og reirtid: 12-13 dagar.
Nokre overvintrar i Norge. Dei som trekkjer reiser i sept.-okt og kjem att i mars-april.
-
Vintererle hann Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Vintererle. Legg merke til den lange stjerten. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Her viser tydeleg den gule overgumpen til vintererla. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Årets unge i elva Hjalma. Eid kommune Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Vintererle. Foto: Svein Hjelmesetcbn
Vintererle (Gråerle, alpeerle) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.