Sidemeny+

Undredal sine gamle stølsrettar på Grindafletene

Posted on 29. okt 2004 by in Jordbruk

Anders Ohnstad skreiv i 2001 ein artikkel til bladet «Underdølen» om dei gamle stølsrettane på Grindafletene. Den gamle stølen vart etter dei nye fylkesgrensene liggjande i Hordaland fylke.

Plassering i kart

Gamle merkesgrenser
I gamle dagar laut folk passe godt på merkesgrenser og rettar både heime og ute i markene, for jord og skog, beite og jaktrettar var sjølve livsgrunnlaget i naturalhushaldet si tid. Dei kjøpte og selde lite i sjølvbergingstidi, for garden fødde sine folk. Mange grenser og rettar var i grunnen gamal hevd, det dei kalla sedvanerettar. Det hadde vore slik frå urolds tid, sa dei gamle. Urold var so langt attende at ingen kunne minnast opphavet. Det var ofte husdyri sjølve som hadde sett gamle grenser. Dei beita hodn mot hodn og klauv mot klauv, dvs. so langt som féfoten gjekk.

Tvil om stølsrettane
Undredal har mange stølar der grenser og beiterettar er eldgamle. Det er eit unntak frå regelene når husmannstølen ovanfor Styvi til slutt vart Undredals eige. Segni seier at dei betalte ei øks i leie til Styvi. Om dei gløymde å betala denne øksi, eller om dei brukte stølen i 20 år upåtalt, det er uvisst. Det fanst ein gamal rett dei kalla tjuvaretten, men den er for lenge sidan borte. Men stort sett er dei gamle stølsrettane nokso stabile, slik sedvanerettane gjerne er. I 1940-åri dukka det opp eit tvistemål om Undredal sine stølsrettar på Grindafletene.

Vossastrendingane hevda at dei ein gong hadde kjøpt noko av Grindafletene. Det var staten som ved sin representant hadde selt noko av Grindafletene til Vossestrand, men staten var i tvil om dei eigde det dei selde.

Staten som eigar?
Undredal hadde aldri hatt nokon strid om sine rettar på Grindafletene og vart storleg forundra og skremde av slike påstandar. Hadde staten verkeleg selt noko av Undredal sine gamle stølsrettar? Det stod rett nok at dei selde det, dersom dei eigde det.

Rettsak
Det vart rettsak om dette i 1951, og utruleg nok vann Vossestrand fram, men under tvil (2 mot 1). Under saki vart det av Vossestrand sin sakførar reist tvil om Undredal sin støl på Grindafletene, der selbøen ligg i Strupane nedanfor Grindafletvatnet, for der var det ly for veret. I domspremissane heiter det at denne stølen hadde so fæl ein kløvjaveg over fjellet ved Kappadalshøgdi (ca. 1600 m.o.h.) og over Fessene ned Jonadalen, at det tala i mot at Undredal sin støl på Grindafletene var mykje brukt.

Dette er reint tøv, for andre folk i Undredal kunne fortelja at det hadde vore kløvjaveg i Fjellmannaskori. Sjølvsagt hadde veidefolket hatt gangsti der, men denne hadde vorte utbetra til kløvjaveg. Eit prov på dette er godt synleg: Dei har bygt vegen opp i svingar og dei hadde aldri lagt so mykje arbeid på murane der, dersom dette berre var ein gangsti. Rester av denne kløvjavegen og murane er enno synlege. Her hadde dei ein godt brukande kløvjaveg frå Selbøen i Strupane og til framom Langhuso til Undredal.

Dette sleir beini undan påstanden at stølen vart lite eller ikkje brukt p.g.a. den lange og bratte fjellvegen.

Me treng ikkje tvila på at fjellstølen Grindfletene har vore mykje brukt av undredølene, for på 1700-talet hadde Undredal mykje storfé, etter det matriklar og teljingar fortel; og det seier seg sjølv at Grindafletene var beste beiteområdet for dyri til bøndene i Undredal. Ein kan godt seia at Grindafletene hadde like mykje å seia for dei som Soleifletene hadde for Onstad-bøndene. Ho Olina Ohnstad, Joans-Olina (1836-1917), var på 1800-talet budeie på Soleifletene. Ho rekna alltid at stølen i Strupane på Grindafletene var stølsgrend til onstad sin støl på Soleifletene, på same måte som Tørvao og Vidme var det.

Beiteområda
Det store beiteområdet på Grindafletene strekte seg frå Fjellmannaskori og langt innover viddene kring Grindafletvatnet. Som nemnt var det féfoten som ringa inn beiteområdet, og det har nok gått i den gamle grensa, ei grense som aldri burde ha vore skipla. Det var her inne i dette grenselandet at ataten under tvil har selt noko av Undredal sitt eldgamle beiteområde.

Det beste ein kan seia om dette, er at staten sin representant ikkje visste kva han gjorde. Han har sjølv sagt at han selde, dersom staten eigde det.

Det er på det reine at staten eigde ikkje Undredal sine stølsrettar. I dag har dette omstridte beitefeltet lita interesse. Men rett skal vera rett. Det er staten som under tvil har selt noko a v dei beite som Undredal frå gamalt eigde, og dermed vart dette opphav til ei rettsak som ein so lett kunne ha unngått, og som, etter mi meining, burde ha fått eit heilt anna utfall.

Leigeavtale med Vossestrand
Det fortelst i Undredal at på Hjødlo har dei ein leigeavtale der Vossestrand har betalt for stølsbeite på Grindafletene. Dette provar ogso at Hjødlo (Undredal) sat med sine gamle stølsrettaqr på Grindafletene og kunne sjølvsagt leige bort beite til Vossestrand.

Staten hadde sjølvsagt ikkje rett til å selja av gamal stølsrett som Undredal har brukt i lange tider (sedvanerett). Saki er grei. Staten har under tvil selt noko av Undredal sine eldgamle stølsrettar.

På same måte som onstadbøndene var stolte over sine rettar på Soleifletene, var Undredal like stolte over sine rettar på Grindafletene. Difor har Grindafletene på 1700-talet stått høgt i kurs og vorte rekna som den gjævaste av alle stølane som høyrde Undredal til.

CC BY-NC 4.0 Undredal sine gamle stølsrettar på Grindafletene av aurland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Irmelin Klemetzen/2003
Kjelder: Anders Ohnstad