På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Hermund Hatleli omkom i eit snøras på Jordalsvegen i 1914, berre 47 år, saman med eine sonen Botolv som var 13 år.
Plassering i kart
Snøras i 1914
Hermund Hatlelid skulle byggja seg sel i Jordalen. Murane stod ferdige på Grindahaugen i Nestedalen. Alt var klart til bygging. Han Hermund hadde køyrt fleire lessingar som dei kalla det, truleg over fleire år. Så ved jonsoktider 1914 skulle han ut med siste lasset.
Det hadde vore svært varmt ei tid, så snøen smelta fort. Hermund og sonen reiste på kvelden, noko dei ikkje skulle gjort i slik varme, for då var det farleg for snøras oppe i Tundalen.
Då det lei på kvelden neste dag, byrja kona til Hermund å verta redd for dei, sidan det alt lei langt på kveld og dei ikkje var komne heim. Ho kontakta naboane, og dei fekk fleire med seg framover i Tundalen.
For seint!!
Då dei nærma seg Klepp, såg dei at det hadde gått eit svært snøras. Ein skavl oppe på Langafjellet hadde losna som han ofte brukte gjera på den tid av året, og raset hadde gått over elva og eit stykke oppover på andre sida der vegen var. Dei ottast då at det hadde hent ei ulukke. Dei oppdaga snart hesten hans Hermund i kanten av fonna, han hadde hovudet over snøen og var levande. Hermund og Botolv såg dei ikkje noko til. Karane byrja og grava der hesten stod, og om ikkje så lenge fann dei far og son i kanten av fonna, men dei var då døde. Det hadde då gått eit døgn sidan raset gjekk.
Hermundskavlen
Sidan har denne skavlen oppe på fjellet vorte kalla Hermundskavlen . På staden der snøskreda gjekk vart årstalla 1914 rissa i ein stor stein til minne om dei to som mista livet her. Denne steinen står ved gangvegen, og årstalet er framleis lett å sjå.