Sidemeny+

Skarsteinen i Angedalen, eit kulturminne

Posted on 29. okt 2004 by in Jordbruk

Foto: Reidar Eideall-rights-reserved

Gudmund Angedal, ein av dei tre siste som gjette kring Skarsteinen i Angedalen.

Gjennom generasjonar, i mange hundre år, har Skarsteinen vore utsiktspunkt og samlingsstad for all gjeting i dalføret mellom Angedal-gardane og Flugestølen i Jølster. Frå denne steinen, som ligg på eit høgdedrag på Angedalssida, hadde gjetarane full oversikt over heile beiteområdet sitt.

Plassering i kart

Gudmund Angedal er no, i 2004, 81 år gammal. Han var, saman med Målfrid Angedal Kvamme og Arthur Angedal, den siste som gjette i dette området. Han gjette her heilt til 1937.
Gudmund fortel at han var med bestefar sin, Andreas, som 6-åring slik at han skulle bli kjend i terrenget slik at han året etter kunne vere gjetargut.

-Jau, eg tok til å gjete som 7-åring. Det var vi borna som hadde dette arbeidet. Dei vaksne måtte vere heime og passe det daglege arbeidet på garden. Kyrne, om lag 30 i talet, visste godt kvar dei skulle gå. Vi dilta etter og plasserte oss på Skarsteinen.

Full oversikt!
Skarsteinen var den viktigaste staden for oss gjetarungane. Steinen er fleire meter vid og 2-3 meter høg. Han går i eitt med marka på eine sida og er god å kome seg oppå og å sitje på. Vi hadde vanlegvis full kontroll over flokken herifrå.

Eit sutalaust liv
Like ved steinen ligg Skartjønna. Her hugsar eg at det var ein holme som flaut frå side til side. Sjølv om vi ikkje akkurat såg fram til vekene i fjellet, hadde vi det oftast sutalaust. I godveret var det ikkje så verst å tenkje på dei som måtte arbeide på garden. Eg hugsar at då vi var litt eldre, og var heime på arbeid mellom mjølkingane, var det godt å sleppe opp i marka etter kyrne. Vi sprang lett då. Sokkar og sko kasta eg alltid første dagen eg høyrde gauken om våren, og eg tok dei ikkje på meg att før det rima om hausten.

Soluret
-Alle eldre i Indre Angedalen kjenner til soluret som var hogge inn i Skarsteinen. Gudmund, Arthur og Målfrid var dei siste som brukte det i gjetarsamanheng.
Gudmund fortel: -Ja, eg hugsar uret. Det har vore der i uminnelege tider. Vi sette ein pinne ned i ei lita grop på øvste punktet på steinen. Når sola skein, kunne vi lese av tida etter skuggen på urskiva som var rissa ned i steinen. Etter at vi hadde sjekka tida, la vi alltid ein flat stein over. Det var sikkert for å verne mot slitasje frå ver og vind. No er uret tært vekk, men eg høyrer at det er planar om å fornye det.

Hilljarsteinen
Oppetter Skarsteinen var det lagt strongar, dekte med greiner og torv. Under der kraup vi viss det kom ein regnskvett. Sturtregna det, sette vi oss under Hilljarsteinen, ikkje langt unna. Der sat vi tørt og godt, framleis med godt utsyn over beiteområdet. Lenge før mi tid var her fint oppmura på begge sider av steinen, slik at gjetarane skulle finne ly for sidevind og regn. Her sat dei med utsyn over Styggelia, Kattadalen, Rimma, Skarlia og Lonetjønnene.




CC BY-NC 4.0 Skarsteinen i Angedalen, eit kulturminne av Reidar Eide er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.