Sidemeny+

Nytt liv på Gjesdalsstølen

Posted on 29. okt 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Foto: Foto: Ket Fossencbn

Utsikt over Gjesdalen og nokre av stølshusa. Andre sel frå høgre er selet til Signe B. Gjesdal.

Når fjellvegen tek slutt, kan vi stige ut og kjenne den kalde og klare fjellufta slå mot oss. Eit stykke lenger oppe i dalen kan vi skimte ei hyttegrend som står der og ynskjer oss velkomne. Vi tar beina fatt, og følgjer turleiar, Signe B. Gjesdal. – Turen tek berre ein halv time, seier ho ivrig og legg avgarde.

Plassering i kart

Det er ein kald haustmorgon. Vinden susar i trea og grip tak i dei få blada som enno ikkje har felle ned. Klasse 1MKA på Mo og Jølster vidaregåande går som ein speidartropp innover dalen, klar for ein trivleg utflukt blant gamle stølshus.

Mjølka morgon og kveld
Signe B. Gjesdal fortel at selet hennar vart bygt på 1850-60 talet. Det vesle selet romma då ei seng, eit bord, nokre stolar og eit vakkert åkle på veggen. Det skulle vere huset til ei budeie då ho frå jonsok til seint i august skulle ta seg av kyrne og mjølkinga når dei var på beite. Det budde ei budeie i kvar av dei til saman ti stølshusa på Gjesdalsstølen.
– Det var mykje arbeid. Budeiene reiste opp kvar kveld, mjølka, sov over natta i selet, mjølka tidleg på morgonen igjen, og reiste ned til garden med spanna fulle av mjølk, fortel Signe.
På den tida var det heller ikkje komme veg, så budeiene måtte gå heilt nede frå bygda og opp til stølen. Det var heile 8 kilometer.
– Vegen var lang, men budeiene tykte det var kjekt arbeid, så det gjekk fint, seier Signe.

Mykje brukt
Stølsdrifta vart lagt ned på 1950-talet og dei gamle stølshusa blei ståande ubrukte og forfalne i mange år.
Når nokre av husa på stølen vart teken over, tok dei nye eigarane initiativet til å restaurere stølshusa.
– Husa var så godt som øydelagde og det meste vart bygd opp att på nytt. Vi bar alt materialet sjølve og vegen var lang og tung, men vi tok det med eit smil. Du ser jo at resultatet er bra i dag, smiler Signe.
I dag er alle stølshusa i fin stad og dei blir mykje brukt av både familie og venner. Dei vert òg nytta til ulike arrangement som Jonsokfeiring og påskemoro.

CC BY-NC 4.0 Nytt liv på Gjesdalsstølen av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Marte Grytten, Karina Solemdal, Bjarne Kvistad
Kjelder: Signe B. Gjesdal, "Støylar i Ålhus sokn" av Kjell Råd