Sidemeny+

Nøtteskrike (garrulus glandarius)

Posted on 3. okt 2004 by in Dyreliv

Nøtteskrika er ein fargerik fugl med eit stygt skrik. Om hausten samlar ho ofte eikenøtterog og anna vinterføde. Ho vitjar av og til foringsbrettet i vinterhalvåret og kan vere eit ettertrakta bytte for hønsehauken.

Plassering i kart

Utsjånad
Vingene er svarte og kvite med eit blått felt og svarte tverrband.
Issen har svarte og kvite fjør som kan reisast i ein topp når nøtteskrika er opphissa.
Nebbet er kraftig og spiss. Det kan brukast til å opne nøtter og til graving. Nøtteskrika er 35 cm lang, og vekta er 140-150 gram.

Utbreiing
Nøtteskrika lever i den sørlege delen av Norge. Vi kan finne ho i skog og meir opne område med spreidde tre. Om hausten kan den trekkje inn mot tettbygde strok for å samle hassel- og eikenøtter. Vi kan også sjå fuglen i potetåkeren.

Mat
Nøktetteskrika et insektlarvar, mark, edderkoppar, smågnagarar, fugleegg, fugleungar, frø og frukt. Om hausten et ho nøtter. Nøttene grev ho ned til vintermat, og ho huskar godt kvar dei ligg gyømt.

Hekking
Reiret er flatt og blir bygd oppe i eit tre. Det blir bygd av kvistar og plantestenglar og fôra med tørt gras. Dei legg egga i mai/juni, og ungane blir klekte etter 16 – 17 dagar. Når ho syng, høyrast det ut som langtrukne prekært – prekært.

CC BY-NC 4.0 Nøtteskrike (garrulus glandarius) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nicolay Mundal 8c 2006