Sidemeny+

Mandarinand

Posted on 15. okt 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Mandariand hann

Mandarinand rugar i Aust-Asia. Fuglen er innført til Europa som parkfugl. Han hekkar mellom anna i England. Hekkeforsøk vart påvist på Røros i 1970.

Plassering i kart

Sjelden gjest på Sandane
Tidleg i sommar vart eit mandarinande-par observert på Sandane. Kan dette paret ha hekka her ein stad i sommar? No er i alle fall ein fargerik hannfugl her. Han har vore observert ei veke. Det kan sjølvsagt vere rømlingar frå fangenskap, for han verkar lite redd av seg. Opprinneleg høyrer fuglen heime i Aust-Asia.
Som det framgår av bildet, er det ein svært fargerik fugl. Han verkar litt klumpete bygt og flyt høgt i vatnet. Denne fuglen har eit praktfult oransjefarga kinnskjegg og eit «segl» i same farge bakerst på armsvingfjøra.
Føde: frø, men også vassinsekt og mindre krepsdyr.
Hekking: april-juni, 9-12 egg. Rugar i 28-30 dagar og legg reiret i innhola tre.

Mandarinand i Gloppen.
Del 2.
Eg har no fått tilbakemelding på at mandarinanda har hekka på Sandane. Hannen og hoa har rømt. Hannen lever i beste velgåande i nærleiken av Storebrua ved Campingplassen.

For nokre år sidan kjøpte Ola Hauge, som er svært fugleinteressert, mandarinand… to hoer og ein hannfugl. Desse var tamme og han kunne lokke dei til seg ved å plystre på dei. Det vart laga fugleholk til dei. Dei tok holken i bruk og la fleire egg (Sjå bilde).
Under klekkinga var skjora på plass og tok fleire ungar. Tre egg vart berga og lagt i rugemaskin. Det lukkast ikkje å få ungane til å leve opp.
Det paret som vart observert i sommar, var nok Ola sine fuglar som hadde stokke av. Hofuglen er gråsvart med kvite felt. Har nokon sett att hoa, eller er ho blitt mat for ein rovfugl?

CC BY-NC 4.0 Mandarinand av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2004