Sidemeny+

Jerv (Gulo gulo)

Posted on 21. okt 2004 by in Dyreliv

Foto: Dagfinn Nyhammercbn

Utstoppa jerv i Sogn og Fjordane Sparebank på Sandane

Fyrste møtet med Sogn og Fjordane Sparebank si lokalavdeling på Sandane, er ein utstoppa jerv på tre bein som står utstilt ved inngangsdøra.
Sidan det finst rein i Gloppefjella, er det også observert jerv i området frå tid til anna. For mange år sidan gjekk ein jerv i fella, og måtte gnage av seg eine frambeinet for å kome seg laus. Trefotingen levde i fleire år før han vart skoten. 
 

Plassering i kart

 

Utsjånad

Jerven kan bli opp til ein meter lang (snute til halerot) og veg vanlegvis 10-12 kilo. Hannen er tyngst, og kan vege opp mot 20 kg.
Den tette og kraftige kropps-forma gjer at han liknar ein liten bjørn. Kroppen er smidig, og jerven smyg seg lett omkring i bratte dalsider og gjennom trange opningar i steinurar. Jerven har eit lite hovud, små augo og små avrunda øyre. Føtene er korte, men med lange klør og han er difor ein dyktig klatrar. Jerven har også breie labbar som ber godt på snøen.
Pelsen er glatt og tjukk og ein finn fargevariantar frå mørk brun til svart. Jerven har ofte ei tydeleg og brei gulgrå stripe som går frå skuldrane og bakover på begge sider til overkanten av halen. Nokre dyr har også «brilleliknande» markeringar i panna.
Spor: Jerven legg igjen tre og tre spor i snøen som ligg skrått på ei linje. Dette er fordi den oftast galopperar og set den eine bakfoten i sporet til ein av framføtene. Jerven kan også bykse, og då legg han igjen spora parvis.

Utbreiing i Noreg
I Noreg er Jerven særleg utbreidd i fjellområda langs grensa til Sverige og Finland, frå Sør-Trøndelag og nordover. Ein finn òg ein del jerv i høgfjellsområda i Sør-Noreg. Ein kan seie at utbreiinga til jerven er todelt.
Tidlegare fann ein jerv over større område og i mykje større antal, men frå midten av 1800-talet var det innført skotpremie på han. Dette førte til at arten gjekk kraftig tilbake. Jerven vart etter kvart freda, i Sør-Noreg i 1973 og i Nord-Noreg i 1982. Sidan fredinga har bestanden auka.
Det vert likevel utført lisensfelling av jerv. Åtejakt og jakt med hagle er tilate. Grunnen er at jerven er det freda rovdyret i Noreg som tek fleire sauar, enn gaupa og brunbjørnen!
Data frå Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt reknar med at det i Norge er 362 jervar på landsbasis i perioden 2006 – 2008.

Kva lever jerven av?
Hovudføda til jerven er reinsdyr (Utbreiinga av rein har samanheng med utbreiing av reinsdyr) Jerven drep sjeldan reinen sjølv. Som regel et den rein som har døydd av andre årsaker. Likevel er jerven ein dyktig jeger! Han kan drepe dyr som er mykje større enn seg sjølv. Det har faktisk vore tilfelle at jerven har teke livet av elg!
I tillegg til rein, et jerven også smågnagarar, rev, hare, hønsefugl og sau. Dette er viktige matkjelder, og ein jerv får flest ungar i gode smågnagarår. Dersom byttet er for stort til å ete opp på ein gong, delar han det opp og gøymer det rundt om i terrenget, f.eks. i bekkar og myrhól og lagrar det for vinteren.
Dette rovdyret har svært god luktesans og kan spore åtsel under djupe snølag. Med dei kraftige kjevane og tennene sine, er jerven i stand til å knuse store bein og knoklar for å få tak i beinmargen. Han et og frose kjøt.

Hi og ungar
Jerven lagar hi i snøskavlar langs bratte fjell. I skogsområde kan hiet vere under røter av store tre som har falle overende eller i ei hol trestamme. Ofte kan det vere lange tunnelar i eit slikt hi.
Under paringstida held gjerne hoa og hannen saman i to-tre dagar. Dei to-tre ungane blir fødde i februar/mars. Tidspunktet for fødselen heng saman med når forholda ligg best til rette for tilgang til rein. Ungane er ved fødselen blinde og har kritkvit pels. Dei er ca. 12 cm lange og veg 80–90 gram. Frå slutten av april til byrjinga av juni forlet ungane hi-området. Allereie i september er jervane nesten heilt utvoksen, og klarar seg sjølv. Hannane verte kjønnsmodne etter 14 månader, men oppnår sjeldan å pare seg før etter 3–4 år. Hoa får ungar opp til ho er ca. 8 år. Levealder for jerven er 10–12 år, og opp til 17 år i fangenskap.

Kjelder:
wikipedia.org
wwf.no

 

CC BY-NC 4.0 Jerv (Gulo gulo) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ruben Henriksen Skinlo 10c 2010