Sidemeny+

Historikk om Gjesdalsstølen

Posted on 28. okt 2004 by in Jordbruk

Foto: Tollef Sandalall-rights-reserved

Her ser vi eit bilete av Gjesdalen i ca. år 1950.

Det har vore mykje aktivitet og liv på Gjesdalsstølen gjennom tidene, bortsett frå ein periode etter 1950-åra då støylsdrifta vart lagt ned. I dag er stølen, som ligg åtte kilometer frå Vassenden, ein populær utfartsstad.

Plassering i kart

Namnet sitt opphav
I dagleg tale seier folk Jesdalen, men ein skriv Gjesdal. Garden er ikkje nemnd i nokre skriftlege kjelder før år 1600, og namnet kjem truleg frå mannsnamnet Geir. Andre del i namnet er ”dal”, eit gammalt norsk namn. Jessdalin er ein brei dal, som ligg oppå ei høgd ovanfor vatnet. For folk på nordsida av Jølstra-vatnet kan det sjå ut som ei krone, på gamalnorsk hjassi. Då kan namnet ha vorte til Jesdalin, i dag Gjesdal. Kva som er opphav til namnet Gjesdal er det ingen som veit heilt sikkert, men truleg er det den førstnemnde tydinga som er den rette.

Kjelde: Signe Gjesdal, frå boka ”Støylar i Ålhus sokn”, av Kjell Råd

Frå stølsdrifta i Gjesdalen
Særleg under krigen, men òg før i tida var det harde kår for bøndene og dei som budde på landsbygda. Dei hadde lite pengar og måtte ta i bruk dei hjelpemidla dei fann. Ei av budeiene måtte under krigen sy om gamle jutesekkar til skjørt. På sekkane var der trykt namnet til leverandøren, og dette snudde jenta slik at det stod ”Vaksdal Mølle” på baken hennar.
For mange budeier, særleg i sommarhalvåret, strakk ikkje tida til. Det er fortalt at ei av budeiene hadde med seg strikketyet og strikka medan ho gjekk til og frå støylen på den krokete og steinete råsa.

”Krig” i Gjesdalen
I Gjesdalen vart det ein gong nesten «borgarkrig». Det heile starta med at gardane på Hamar og Strand reiste forbi Gjesdalsstøylen og bygde grunnmurar både til sel og fjøs.
Dette likte ikkje Gjøsdølingane og gav beskjed til folket på Hamar og Strand at dei ikkje fekk flytte dyra sine inn i Gjesdalen. Dette ville nemleg føre til at det vart mindre beite for grunneigarane. Strandsfolket gav seg ikkje, og var fast bestemt på å flytte i Gjesdalen med både hus og fe. På forsommaren, då dei skulle drive buskapen inn i dalen, hadde Gjesdølingane lagt seg i bakhald på vegen. Då dyra kom, skaut og drap Gjesdølingane bjøllekyra deira. Dei som jaga dyra snudde då dei høyrde skotet, og reiste tilbake. Murane til ”Strands-støylen” kan ein i dag finne nede ved elva mellom Gjesdal og Søstestøylen.

Kjelde: Utdrag frå ”Støylar i Jølster” i boka ”Støylar i Ålhus sokn” av Kjell Råd

Jonsokmoro på Gjesdalsstøylen
Det har alltid vore folksamt på Gjesdalsstøylen, og det er det endå, sjølv etter årtusenskiftet.
Det er ikkje berre jonsokbål, der har òg vore hesteskokasting, spannkasting, staurbrenning, naturstig, grilling, musikk og flakedans. I påska går ungdomslag og 4H saman om eit arrangement kalla ”Ski og sjov,” som skapar mykje liv og røre på støylen.

Kjelde: Signe B. Gjesdal, frå boka ”Støylar i Ålhus sokn”, av Kjell Råd

CC BY-NC 4.0 Historikk om Gjesdalsstølen av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Torvanger, James Ullebø, Malin Leirvik
Kjelder: "Støylar i Ålhus sokn", Signe B. Gjesdal