Fjelltjæreblom Nellikfamilien (Lychnis alpina) Alpine catchfly
Fjelltjæreblom på Storevarden. Trefingerurt til venstre og kartlav i bakgrunnen.
Fjelltjæreblom finn vi fleire plassar i Sogn og Fjordane. I Gloppen er det ikkje uvanleg å finne denne planten; helst litt høgt til fjells. Han ruvar såleis ikkje så høgt over bakken.
Plassering i kart
Utsjånad
Fjelltjæreblomen er mykje kortare enn tjæreblomen som veks i låglandet. Berre tjæreblomen har eit band med klebrig (tjære) væske midt på stengelen. Sjå på bilda korleis planten veks i le av stein og i fjellsprekker der han får vern mot vind og snødrev.
Fjelltjæreblom er vanlegvis 10 til 15 cm høg. Du kan sjå blomsten frå juli til august, og han veks enkeltvis eller i små tuer. Stengelen på fjelltjæreblom er ikkje klebrig slik tjæreblomen er. Difor skulle ein kanskje gjort som svenskane og kalla han for fjellnellik. Bergverksfolk kalla fjelltjæreblomen for «kåppårblomsten»
Veksestad
Blomstrane dufter som linnea. Fjelltjereblom veks på tørre rabber sammen med rabbesiv og sauesvingel, fjellflyer, berghyller og på grus.
Fjelltjæreblom veks i store mengder ved kisgruver og på slagghauger, og dessuten ofte dominerende på olivin og serpentin, synes i det heile å foretrekkje tungmetaller i jorda. Det rare er at han og kan vekse på kalkrik grunn.
Finn han i heile fjellkjeda. Av og til kan han vekse i låglandet og. Høgste kjende veksestad er på 1900 moh i Jotunheimen, Blomsten er utbreidd, i Europa, på Grønland, og i det noraustlege Canada.
-
Fjelltjøreblom Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Fjelltjæreblom Nellikfamilien (Lychnis alpina) Alpine catchfly av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.