Sidemeny+

Den dramatiske turen over Gryteskarvfonni i 1936

Posted on 29. okt 2004 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyriall-rights-reserved

Hesten ligg midt på biletet nede til høgre

Me i 5-10 klasse ved Fresvik skule har i haust gått den gamle stølsvegen frå Jordalen til Fresvik. Turen går over ein arm av Fresvikbreen, Gryteskarvfonni. Der datt det ein gong ned ein hest i ei gryta. Det skjedde i 1936. På turen vår såg me beinrestane av hesten og fekk lyst til å vita meir om kva som hadde skjedd. Difor har me intervjua mange eldre folk i Fresvik, og har så skrive ned det me har fått greie på. Det er no mest 70 år sidan ulukka, så det har vore vanskeleg å få nøyaktige opplysningar og det kan difor sjølvsagt vera feil i det me har funne ut.

Plassering i kart

På tur til Jordalen Per J. Bøthun (Jakob-Per) støla i Øvstedalen. Sonen Jakob (f 1912) var på veg til Jordalen ein laurdagsmorgon, den 8. august 1936. Faren til Jakob, Per, hadde ei merr som heitte Blakka. Ho var 16 år gammal og snill og roleg. Blakka hadde Jakob med seg til å kløvja på. Jørgen Vigdal (f 1896) og sonen Håkon som då var 10 år, var også med. Nede i Bratta møtte han Kristian Hauglum, Nils Bjørnetun og Jørgen Bøtun, dei var på heimveg med kløv. Ulukka På Gryteskarvfonni visste ein at det var to gryter som var gøymde av eit snølag. Grytene var sylinderforma hol som gjekk heilt til botn i fonni. Dei opna seg når den årsgamle snøen smelta vekk. Då dei skulle kryssa fonni så ville merra gå noko til høgre, men Jakob meinte dette var feil og prøvde å dra merri etter seg litt meir til venstre. Snølaget bar Jakob, så han var ikkje klar over at han gjekk over gryta. Då merri ikkje ville gå, bad han Håkon slå på merri slik at ho byrja gå att. Merri var truleg klar over at noko var gale, så ho bykste til og fekk framføtene på fast snø, men bakføtene kom midt i gryta og ho datt då gjennom snøen og ned i gryta, der ho vart hengande i lause lufta etter kløvkassane. Då dei prøvde å berga merri, kom dei til å skjera av underkastet som gjekk under magen på hesten frå den eine kløvkassen til den andre, og hesten datt heilt ned i den 15 meter djupe gryta. For seint Jakob sprang straks til Fresvik for å henta hjelp medan Jørgen og Håkon reiste ned i Jordalen og skulle få med seg folk derifrå. Då Jakob kom midt føre Holegarden nådde han att Kristian, Nils og Jørgen. Karane spurde Jakob om han hadde kutta togi som batt kløvi til salen, og det sa han at han hadde gjort. Jakob fekk låna merri til Kristian og han henta også ein talje og drog så til fjells att. På Klepphaug fekk han melding frå folk som var komne opp frå Jordalen at det var for seint, merri hadde fare til botnar. Kløvjakassane låg att på fonni, dei hekta seg av frå salen då merri datt heilt ned i gryta. Noko seinare på hausten var nokre karar på veg over fjellet etter sauene sine. Det var Jakob Bøthun, Jørgen Breilid, Harald J. Breilid, Harald A. Breilid og Nils Bjørnetun. Då hadde Jakob med ei sterk og lang nok line som dei fira Harald J. Breilid ned etter. Han festa lina på salen. Men ”baossane” (salputene) på salen var gjennomblaute og datt av under oppheisingi. Så dei vart attliggjande. Salen var Jørgen Bøtun sin, men Per, far til Jakob, og Jørgen Bøtun arbeidde nye baossa til neste sesong. I møteboka til Fresvik Hestetrygdelag ser ein at Blakka var forsikra for 500 kr og denne summen fekk Per Bøthun utbetalt. Det vart avgjort på eit møte 24. august 1936. Han kjøpte då ei ny blakk merr som vart forsikra for 425 kr. Hesten dukkar opp att På byrjinga av 50-talet hadde fonni smelta så mykje at merri kom til synes i brekanten. Botolv Hov og Arne Kvammen var på veg heim frå Jordalen, dette var etter siste bufaringa om hausten, truleg i 1952 eller 1953. Dei fann ut at dei ville gå ned til fonnkanten og sjå om dei såg noko til merri. Dei oppdaga då at det stakk ein fot ut or isen i fonni og også noko av bogen var synleg. Håra hengde på skinnet, men det som var opptina var grått og møyrt. Dei tok med hoven og la den på Rupeskar. I 1954 var Inge Flæte og Botolv Hov på veg heim frå Jordalen. Dei gjekk også ned til fonni for å sjå om noko meir hadde kome til syne. Fonni var no smelta mykje ned frå 1936, i den tida kunne dei gå mest rett innpå frå toppen av Rupeskar. I brekanten oppdaga dei merri, ho var no kommen heilt ut av isen, men såg framleis bra ut. Hårlaget viste og under buken hadde ho ei stor sprekke, ho hadde sprukke då ho fall ned i gryta. Restane av seletyet låg der også. Inge Flæte passerte på nytt ei veke etterpå, då var merri gått heilt i oppløysing. Eivind og Lasse Breili gjekk over fjellet på denne tida og såg også hesten som hadde dukka opp frå breen. Dei fann restane av jakka til Jakob Bøthun og pipa som framleis låg i lomma på jakka. Så pipa fekk Jakob att til slutt.

CC BY-NC 4.0 Den dramatiske turen over Gryteskarvfonni i 1936 av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mellomtrinnet ved Fresvik skule, hausten 2004
Kjelder: Artikkel i Hordaland august 1954 Muntlege kjelder i Fresvik: Inge Flæte, Botolv Hov, Erling J. Bøtun, Isak Hauglum, Kåre Bøthun, Nils Bjørnetun, Eivind Breili m. fl.
Kommune: Gryteskarvfonni