Blodlønn (Japansk blodlønn: Acer palmatum Atropurpureum)
Blodlønn veks ikkje vilt i Gloppen, men det er fleire som har treet i hagen. Blada er raudfarga heile året, men om hausten får dei ein spesiell raudfarge. Er ein heldig kan både treet og grunnen under vere fint dekorert med dei finaste fargane i raudt.
Plassering i kart
Japansk blodlønn er relativ fri for sjukdomar. Treet skal stå lunt og varmt og vert 2-3 meter høgt. Jorda bør vere fuktig og veldrenert.
Blodlønn (Japansk blodlønn: Acer palmatum Atropurpureum) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.