Selvågane

Hekkeplassen til hettemåsene
Selvågane grensar til «Fuglefredingsområdet i Bukta». Den raude Notabua viser godt igjen i dette våtmarksområdet. Dei aller fleste sjøfuglane som held seg innerst i Gloppefjorden, hekkar etter det eg kan sjå i Selvågane.
Plassering i kart
Fuglelivet i Selvågane
Dei to dominerande artane er fiskemåse og hettemåse. Hettemåsa kom for 10-15 år sidan og fortrengde makrellterna som no er heilt borte frå området. Er den stabile hekkinga i fare? I 2006 hekka 120 par hettemåse på skjeret og holmen. Det er urovekkande at året etter, var det berre 60 par som hekka. Ærfuglen har gjennom mange år funne trygg hekkeplass på holmen. Det var også færre par ærfugl som hekka i 2007. Også svartbaken hekkar i Selvågane. Nokre par siland og stokkand hekkar der og. Elles er det eit tjeldepar som held seg der heile sommaren. Storskarven har tilhald på det ytterste skjeret heile året, men hekkar ikkje.
I trekkperioden er det innom sjeldne fuglar som sandlo, mandarinand, skjeand og knekkand.
-
Parti frå Selvågane Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Eit tjedepar Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Tjeld Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ærfugl hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Hekkeplassen til hettemåsene Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Hettemåse Foto: Svein Hjelmesetcbn
Selvågane av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.