Sidemeny+

Gråhegre, hegre (Ardea cinerea) Grey heron

Posted on 15. sep 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Gråhegre

Gråhegra er ein tålmodig fugl. Ho kan stå i mange timar og vente på eit bytte som sym forbi. Flygande kan ho ved første augekast minne om ei Havørn, pga. dei breie vingane, men når du får sett litt på ho, er ho ikkje so lik likevel.

Plassering i kart

Utsjånad
Gråhegra er ein relativt stor fugl, med spinkle bein. Ho har eit vingespenn på 175-190 cm og er 90-100 cm lang. Ho er blågrå, med eit kraftig, og langt gult nebb. Ho veg oppimot 1,4 kg. Hovudet er kvitt med litt svart over auga, og ho har svarte nakkefjør. Ho har eit kvitt bryst med svarte flekkar. Buken er kvit, og ramma inn i svart. Undersida er grå som oske. Hannen og hoa er så godt som like. Ungfuglane har meir uklare fargar enn dei vaksne har. Ungane blir flygedyktige når dei er ca. 9 veker gamle.

Hekking
Hekkar i koloniar langs kysten og i innlandet. Ho er knytt til vass- og jordbrukslandskap. Hekkar nord til Vesterålen. Mange overvintrar der, men dei fleste trekkjer seg tilbake i mars-april. Reira er laga av kvistar, og det er i tre eller på berghyller. Det kan vere både 1 meter i breidde og i høgde. Same reiret blir brukt fleire år på rad. Hekkekoloniane består oftast av 10-12 par, men det kan også vere fleire hundre par som hekkar ilag. Hoa legg 3-4 blågrøne egg. Begge foreldra rugar på desse egga i 25-26 dagar. Hegra
skrik stygt ved reiret. Fuglen finn du hovudsakeleg i kyststrøk nord til Troms, men hegra er også sprett i innlandet. Ho overvintrar ved sjøen og i ferskvatn som er isfrie i Sør-Noreg. Andre, spesielt ungfuglar, overvintrar lenger sør (Britiske Øyer).

Mat
Ho har variert kost, mykje fisk, men et også mindre dyr; Insekt, frosk, fuglar og smågnagarar. Ungane blir mata av foreldra med halvfordøydd mat. I år der det er lite mat, overlever ikkje dei yngste ungane i kullet.

CC BY-NC 4.0 Gråhegre, hegre (Ardea cinerea) Grey heron av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anders Bergheim Holvik 2007
Klassetrinn: 8.kl
Kommune: Sandane