Sidemeny+

Fitjevatnet (Veslevatnet)

Posted on 21. sep 2004 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Fitjevatnet med sølvbunke i framgrunnen. Flotgras på vatnet.

Veslevatnet, som det oftast blir kalla, ligg ca 125 moh. Det ligg idyllisk til og turen opp tek berre om lag 10-15 min med bil frå Sandane. Om sommaren er det ofte folk opp til vatnet. Det er eit rikt fugleliv og bra utval av plantar. Om hausten og tidleg vinter legg det seg ofte fin stålis på vatnet. Under isen samlar det seg gassbobler – metangass- frå den anaerobe rotningsprosessen på botnen.
Bomveg frå vatnet og vidare oppover.

Plassering i kart

Vatnet
Som de ser på kartet over området, er det eit typisk vatn med myr rundt. I vatnet langs stranda veks dei vanlegaste vassplantane som flaskestarr, flotgras, tjønnaks, bukkeblad, botngras og krypsiv.
Inne på land kan du finne både soldogg og tettegras. Er du heldig kan du også finne tranebær.
Det er fisk i vatnet og du kan få han på halvkiloen.
Gloppen jeger- og fiskeforeining har båt oppe og du må ha fiskekort. Det er også laga til ei flytebrygge for rullestolbrukarar.
Om vinteren kan det vere fin skøyteis her.
Fuglar og dyr i området
Fossekallen hekkar fast i området. Det gjer også stokkanda. Vinterstida og utover til mars/april er det ofte sangsvane på vatnet. Det er som regel ope vatn mot auste der det kjem inn ei lita elv. Spurvehauken har tilhald i skogen rundt vatnet.
Ein og anna måren kan du også treffe på i skyminga.
Vegen fortset på sørsida av vatnet og vidare opp mot Fitje vårstøyl. Her kan ein fortsette turen gjennom Ytre Skaret eller Indre Skaret og kome til Langedalsvatnet.
Turar
Skal du gå over til Hyen eller Årdal i Jølster, er Veslevatnet eit fint utgangspunkt (tur nr 41 på Gloppekartet)
Ein turgåar frå Gloppen (60 år) gjekk for nokre år sidan denne turen: starta på Mardal og gjekk landevegen til Hestenesøyra, Hyen, Gjengedalstøylen. Turen gjekk vidare på sti langs Gjengedalsvatnet og Måsevatnet, opp til Fagredalsreset, ned Stoda til Langedalsvatnet, til Veslevatnet og heim att til Mardal. Denne turen vart nok nokre mil, ja.

CC BY-NC 4.0 Fitjevatnet (Veslevatnet) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.