Taksvale (Delichon urbica)

taksvale
Taksvale er ein av dei tre typane svale vi finn i Norge. Dei to andre er låvesvale og sandsvale. Låvesvalen har ein del raude parti og er større enn taksvalen, medan sandsvalen er meir brunfarga.
Plassering i kart
Utsjånad
Utanom dei tre svaleartene vi har i Norge, er det ein annan fugl som blir kalla for tårnsvale. Trass iat han vert kalla svale er dette ein seglar; tårnseglar.
Taksvalen er lett å skilje frå dei andre svaleartane, fordi han er meir kvitfarga, og at fuglen har fjørdrakt heile vegen fram til klørne. Det er noko som ikkje er vanleg i småfuglverda.
Taksvala har ein ganske kort stjert, som er svakt kløyvd. Oversida til taksvalen er blåsvart, og undersida er kvit. Taksvala lever på flygande insekt.
Hekking
Taksvala hekkar oftast i koloniar, på vinduslister, oppunder taket. Nokre stadar finn einkoloniar som byggjer reira sine i fjellveggar eller på klippeoverheng.
Reiret vert laga av leire som vert blanda med spytt og murt fast i f.eks. i eit takhjørne på ein låve eller andre bygningar. Reiret er delvis overbygt og fora med helst kvite små fjør. Under hekkinga vert det lagd 4-5 egg, og ruginga pågar i 12-13 dagar før egga vert klekt. Taksvala kan få to kull kvart år (juni og august). Låten er ein tørr, kvitrande prrit , og varslar med lyse sirr.
Taksvala er trekkfugl som reiset frå landet i august – september. I mai – juni kjem fuglen attende frå Sør – Afrika.
-
taksvale Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Taksvale Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Taksvale byggjer reir Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Taksvale Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Taksvale Foto: Svein Hjelmesetcbn
Taksvale (Delichon urbica) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.