Sidemeny+

Skjor (Skjære) Pica pica

Posted on 30. aug 2004 by in Dyreliv

Skjora er ein fugl vi ofte ser. Ho er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dersom vi ser nærmare på fuglen, kan vi sjå at dei svarte fjøra har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla.

Plassering i kart

Skjora
Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Skjora et både plantar og dyr. Du har sikkert sett ho når ho hoppar rundt på graset på leit etter mat. Fuglen kan og trekkje stareungar ut av reirkasser. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektingane sine, kråka og ramnen. På biletet har ho drepe ei raudvingetrast. Skjora tok ho i flukt.

Oppfører seg som ein rovfugl ein sjelden gong
Ho drap trasta ved å stikke klørne gjennom huda og inn i lungene, slik at dei punkterte. Deretter brukte ho nebbet til å kvele den. Skjora ribba fuglen fyrst i brystet og åt den kjøtfulle delen. Deretter fortærte ho heile fuglen. Alt dette skjedde i fredelige Kreklingen i Åsen ein oktoberdag i 2003. Sjå bildet.

Skjora kan og vere ein tjuv
Skjora er glad i ting som skin. Du har kanskje blitt frastjelt noko?
Ho stel ting som smykke, ringar, klokker med meir.
Skjora bygger reir i tre, busker, under husmøner osv. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren. Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetid er 17-19 dagar. Fuglen rugar gjerne på eit hønseegg om det vert lagt oppi reiret. Mange har vel prøvt det og fått lurt ho til å ruge ut ein hønsekylling. Standfugl som er her heile året. Ho er ofte ein grådig gjest på fuglebrettet. Sjå og Wikipedia

CC BY-NC 4.0 Skjor (Skjære) Pica pica av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Siri og Ane 8C 2005 Karina Verpeide til spansk 2007