Laksefiske på Risnes

To stolte laksefiskarar på kaien i Naustvika på Risnes; Torkjell Risnes og sonen Georg.
I generasjonar har Risnesgardane drive sjølaksefiske som attåtnæring. Med strandline mot Sognesjøen fekk dei fiskerett, eit viktig privilegium. I dag er det ingen på Risnes som driv laksefiske. Den siste kilenota var i sjøen i 2002.
Plassering i kart
Lakseverpe gamalt ord med fleire tydingar
Ordet lakseverpe er svært gamalt. Vi finn det alt i år 1100 i ei runeinnskriving frå Jæren. Opphavleg vart det brukt om staden der det vart kasta med not. Seinare vart gjekk det over til å bli nytta som nemning på fangstreiskapen sitjenot. På Risnes vert det brukt om staden der kilenota står.
Lakseverpe på omgang
Dei fire hovudbruka på Risnes har til saman fire lakseverpe. Desse går på omgang etter ein fast turnus, med skifte kvart år. Kvart fjerde år kjem såleis det same bruket attende til det same verpet. Dei ulike verpa fiska ulikt alt etter ver, vind og straumar, men likevel var det nokre som fiska betre enn andre. Turnusen med skifte kvart år var difor ei solidarisk ordning, som over tid gav alle den same sjansen. Dette systemet har vore gjeldande så lenge det har vore fiska med kilenot på Risnes.
Fisket på dei ulike verpa
Det er fjordstraumen som avgjer korleis laksen fer inn og ut fjorden. Straumtilhøva vart difor nøye granska, og verpa vart plasserte der sjansen var størst for godt fiske. Dei fire verpa til Risnesgardane ligg alle like utanfor Lifjorden. To ligg på fastlandet, ut langs Lifjellet; Stranda og Hjarteneset , medan dei to andre ligg på Risnesøya, eller Øyna som det heiter på Risnes. Det er Øynaneset og Kobbevågen. På desse verpa kan det fiskast med to notsett; på Flua, som høyrer til Øynaneset og på Skogeneset, som høyrer til Kobbevågen.
Kobbevågen var rekna for å vere det beste verpet og Stranda var også bra. Hjarteneset var meir ujamt, men stundom kunne det verkeleg slå til her. Like eins med Øynaneset, men dette var rekna for den hardaste plassen å fiske, både på grunn av straum og vind. Lettaste verpa er Stranda og Flua, men når nordavinden peisar inn frå Tollesundet kan Flua vere hard nok.
Fram til 1940-45 vart det berre fiska med enkeltnøter. Desse fiska berre frå ein kant. I Hjarteneset var det to slike, ei fiska innanfrå fjorden og ei utanfrå. Sidan har det vore fiska med dobbeltnøter, som fiskar frå begge sider og aukar fangstmengda i stor grad.
Kilenotfiske
Mange stader langs Sognefjorden vart det fiska med sitjenot, men på Risnes fiska dei berre med kilenot, så langt det er kjent. Kilenota kom på marknaden kring 1860 og fekk stor utbreiing. Kor lenge det har vore fiska laks med kilenot på Risnes, er usikkert, men i alle høve sidan 1900. Kilenota var rekna som enklare og mindre tidkrevjande å fiske med enn sitjenota, men ho fiska mindre og var dyrare i innkjøp.
Eit strevsamt fiske
Det var mykje førebuing før nøtene kunne setjast ut, og det å få notbruket i og or sjøen var tungt. I tillegg skulle nøtene på land kvar 14.dag for å reingjerast. Det daglege ettersynet tok også tid, morgon, middag og kveld var dei til nota. Det var heller ikkje heilt ufarleg å turke nota i ein liten båt når Sognesjøen bles seg opp. Men laksen gav pengar i kassen, så veret fekk vere som det ville.
-
To stolte laksefiskarar på kaien i Naustvika på Risnes; Torkjell Risnes og sonen Georg. Foto: Ukjendall-rights-reserved
-
Risnesgardane ligg på neset ytst i Lifjorden, mot Sognesjøen der laksen sig inn frå havet. Øya Losna lengst ute. Foto: Kaare Risnes.cbn
-
Vardeneset på Risnesøya.Den kvite tangen som stikk ut i Sognesjøen, omlag midt på bilete, er verpet Flua. Her kan det vere skikkeleg verhardt. Foto: Kaare Risnescbn
-
Detaljteikning av ei enkel kilenot. Nota er 28,8 m lang. Teikning Kaare Risnes Foto: ocbn
Laksefiske på Risnes av kjerstin.risnes@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.