Kvitryggspett Latin:Dendrocopos leucotos Litauisk:baltasis genys

Kvitryggspett
Dette er ein heller sjelden fugl som står på raudlista. Han står difor i fare for å verte utrydda, men du kan sjå han mellom anna i Gloppen og Eid kommune.
Plassering i kart
Utsjånad
Flaggspett er den fuglen kvitryggspetta lettast kan forvekslast med. Kvitryggspetta er størst av dei to ca. 28 cm. og det er forskjell på hann og ho. Hannen har raud hette medan hofuglen må greie seg med si svarte hette. Elles er han og ho like, med litt raudt under buken, men mest raudfarge under stjerten. Ungfuglen liknar dei vaksne (adult) men har litt blassare raudfarge.
Hekking
Begge kjønn trommer for å tilkalle seg oppmerksomhet. Få par hekkar på Vestlandet og nordover til Sør-Trøndelag. Hakkar ut reirhol sjølv i lauvtre (osp) eller furu. Diameter av flygeholet 5-6,5 mm.
Dei 3-5 egga blirlagde i april/mai og dei er glinsande kvite 27-30*20-21,5 mm. Ungane blir ca 27 dagar i reiret.
Lever av insekt i rotnande trestubbar og litt rognebær. Stand- og streiffugl.
-
Kvitryggspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Kvitryggspett juni-04 Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Kvitryggspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Kvitryggspett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Kvitryggspett med mat i nebbet.
28.05.04 Foto: Svein Hjelmesetcbn
Kvitryggspett Latin:Dendrocopos leucotos Litauisk:baltasis genys av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.