Kråke Latin: Corvus corone
Kråka er omlag 50 cm. Ho er grå og svart i karakteristisk mønster.
Kråka er ein god del mindre enn ramnen og i motsetning til han har kråka tverrskåren stjert. Når kråka er i flukt, har ho rolege vengeslag og er sjeldan i seglflukt.
Kråka har eit håst kraa. Ho har ein varierande klang og styrke i røysta si.
Plassering i kart
Hekking
Kråka er ein standfugl. Vi finn ho over heile landet. Mange har sett kråka på søppelplassar, men du finner ho i alle landskapstypar, oftast i kulturmark. Du finn ho på fjellet opp til 1000 meter over havet. Kråka har same make heile livet.
Paret byggjer reiret sitt i fellesskap. Reiret byggjer dei i tre, busker eller i ein fjellvegg og held gjerne til på den same staden heile livet. Dei byggjer reiret av kvister, jord og leire. Til å fore reiret bruker dei fjør, dun, hår, tøystumpar, papirbitar eller liknande. Av og til blir reira brukt om igjen. Kråka legger 3-6 egg i april-juni. Hoa ruger på egga i 18-20 døgn. Egga er som oftast blågrøne med tettstilte grå og brune flekkar. Egga blir klekte etter omlag 31 døgn. Når fugleungane er klekt, hjelper både hoa og hannen med å mate dei. Dei blir som oftast mata med oppgulp. Mange av kråkene overvintrar langs kysten fordi det er lettare å finne mat der. Mange kråker trekkjer òg i oktober til Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, og Storbritannia. Dei vender attende i mars-april.
-
Kråke 28.06.04 Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Kråkereir med egg i. Foto: Bjørnar Kaale 10aall-rights-reserved
-
Våt som ei kråke. Foto: Ronny Solheimall-rights-reserved
Kråka er smart og et det meste ho kjem over. Ho et insekt, muslingar, frosk, smågnagerar, fuglar, fugle-egg, åtsel, bær , korn og liknande. Viss ein framand fugl legg egg i kråka sitt reir, behandlar kråka det som sitt eige i staden for å ete det.
Kråke Latin: Corvus corone av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.