Sidemeny+

Kanadagås (Branta canadensis) Canada goose

Posted on 29. aug 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Kanadagås i flukt

Kanadagås var sjelden å sjå i Gloppen for 10-15 år sidan. Dei siste åra har ho ved fleire høve hekka i området rundt Ryssdalen. Men ho er ikkje opphavleg frå Noreg. Eigentleg er ho frå Nord-Amerika.

Plassering i kart

Utsjånad
Kanadagåsa er ein forholdsvis stor fugl. Ho har eit vengespenn på 165-180 cm, medan lengda på fuglen er 90-100 cm. Den er faktisk Europas største gås. Halsen er lang og svart, og på toppen er der eit svart hovud med kvite kinn. Ryggen på denne fuglen i andefamilien er mørkbrun og stjerten er svart. Undersida og buken er kvit. Begge kjønna er like. Kanadagåsa kan kome tett innpå folk. Songen kan høyrast på lang avstand og er eit trompetliknande a-honk. Denne gåsa er sett ut mange stader i Skandinavia og elles i Europa. Dette har vore stor suksess med mange gjæser i vill tilstand.

Hekking
I Norge hekkar kanadagåsa på Vestlandet, Sørlandet, Trøndelag og i Osloområdet. Men finst òg andre stader omkring i landet. Dette er pga. fleire utsettingar at den hekkar så mange stader. Dei første gjæser vart sett ut på 1930-talet. Men bestanden har gått mykje opp dei siste 30 åra. Dei fleste av kanadagjæsene i landet held seg her heile året. Denne fuglen finst ved alle slags innsjøar og ved kysten. Her er den mest vanlig i barskog blanda med kulturlandskap. Den kan òg vere i byparkar, for eksempel i Oslo. Reira kan vere på forskjellige stader, men ofte ligg reiret på små holmar. Det blir lagt 4-7 gråkvite egg og dei rugast av hoa i ein månad. Medan hannen vernar reiret mot inntrengarar. Ungane følgjer foreldra, og kan fly 45 dagar gamle. Heile familien er ilag til neste vår.

Mat
Maten består for det meste av plantekost, og kanadagåsa likar seg godt på dyrka mark. Store flokkar kan vere ei plage for bøndene. Dei trakkar ned graset pluss at det vert liggande att mykje ekskrement som vert med i fôrhaustaren og øydelegg kvaliteten på foret.

CC BY-NC 4.0 Kanadagås (Branta canadensis) Canada goose av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anders Bergheim Holvik 2007
Klassetrinn: 9a1
Kommune: Sandane