Sidemeny+

Bjørkfink (Bergfink, kvæker.) Fingilla montifringilla

Posted on 3. aug 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmeset all-rights-reserved

Bjørkfink hann

Bjørkfinken treffer du helst litt høgt i bjørkeskogen, men det er funne bjørkfinkreir i Jølet ved Nordfjord Folkemuseum for mange år sidan. Dei milde vintrane gjer og at nokre par er å sjå på fuglebrettet på den årstida sjølv om han er rekna for å vere trekkfugl. Dette er tilfelle i år. Sjå bilde

Plassering i kart

Bjørkfink
Bjørkefinken er om lag 16 cm. Han har same storleik og form som bokfinken.
Hannen i sommardrakt, har kolsvart hovud og rygg, rustgult bryst,
ein stor rustgul skulderflekk og to kvitgule vingeband.
Om hausten og vinteren er hovudet og ryggen brunaktige, med ein kvit nakkeflekk.
Hofuglen liknar hannen i vinterdrakt; kan forvekslast med bokfink
hofugl, men har kvit overgump og to mørke langsgåande render på spissen.
Han kan bli sett på lavlandet i Sør Norge vår og haust.
Ungfuglen liknar hofuglen.
Fluktlåta er eit kort jekk jekk, når den sit eit kvæææ.
Varskurop kvææ eller æææ (meget likt lokkeropet).

Hekking
Han rugar i bjørkebeltet og høgareliggande barskog, nord for Dovre også i låglandet (uregelmessig låglandshekking sørover).
Hekkar nordover til bjørkeskoggrensa i Finnmark.
Der har han reir i tre, som liknar bokfinken sitt, men litt større;
hofuglen byggjer reiret av mose, strå, hår og forar det med fine strå, planteull og fjører.
Dei 5-7 egga, liknar bokfinken sine, grå eller brungrønne (sjeldan lyseblå) med brune og svartbrune flekkar.

Levemåte
Bjørkfinken lever av insekter, frø og bær.
Han er stand- og trekkfugl. Sjåast på lavlandet i Sør Norge hovedsakelig i trekktidene, mars-apr.-mai og aug.-okt.-nov.
Om vinteren er bjørkefinken å sjå frå vest i Italia til aust.
Overvintrer i varierande antall i Noreg.

CC BY-NC 4.0 Bjørkfink (Bergfink, kvæker.) Fingilla montifringilla av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nicolay Mundal 8c 2006