Strandsnipe (Actitis hypoleucos)

Strandsnipe
Her I Gloppen er det stort sett berre to sniper du kan sjå. Den aller vanlegaste av dei er strandsnipa, medan den meir sky myrsnipa stort sett stikk av i stor fart om du går deg på ho. Gluttsnipa har og vore observert i kommunen (2007), men det er ein heilt tilfeldig korttidsgjest.
Plassering i kart
Kjenneteikn
Standsnipe har lite variasjon i utsjånad. Hannfugl, hofugl og ungfugl er like. Vinterdrakta er vanskeleg å skilje frå vårdrakta. Vaksen er fuglen ca. 20 cm. lang, mendan lengda på vingane variera frå 10 til 12 cm. Fuglen har korte bein og eit kort nebb. Oversida til trekkfuglen er olivenbrun med mørke flekkar. På undersida er fuglen heilt kvit. Eit veldig tydeleg kjenneteikn er at han stadig vippar på stjerten. Strandsnipe flyg rett over vassflata. Ho har då nedoverbøygde vinger som ho bevegar støytvis.
Utbreiing og forplanting
Ein kan finne strandsnipa ved ferskvatn over heile landet. Også ved sjøen er det observert reir. Ho likar seg ikkje i myrete terreng, men derimot der det er elvar, bekkar og sjøar likar denne trekkfuglen seg. Reiret legger dei tørt og nærme vatn. Ofte brukar den tørt gras og blad i bygginga av reiret. I mai eller juni legg strandsnipe 4-6 egg. Då byrjar foreldra å ruge og det tek litt over 20 dagar før egga er klekte.
Næring
Vesentleg består føda av insekt og krepsdyr. Også mindre blautdyr kan stå på menyen.
Song
Strandsnipe har ei pipande og svak ?hii-dii-dii. Blir fuglen truar, eller skal varsle syng ho ?hiip, hiip?. Du kan høyre fuglen spele seriar med raske og rytmiske ?hiddid-idihediddi-diddide??
Trekkfugl som kjem i mai og reiser til Afrika i august.
-
Strandsnipe Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ein av dei tre strandsnipeungane er fortsatt i reiret. 15. juni-04
Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Strandsnipe 15.06.04 Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Strandsnipe Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Strandsnipe (Actitis hypoleucos) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.