Sidemeny+

Murburkne, olavskjegg og kryssning mellom desse.

Posted on 13. jun 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Kryssning mellom olavskjegg og murburkne

Denne merkelege kryssninga er veldig sjeldan, og veks kun i Norden, ettersom dei to bregnene som er opphavet til bregna, ikkje veks på same plass nokon anna stad i verda.
Bregna er funnen enkelte stader frå Rogaland til Møre og Romsdal.

Plassering i kart

Bregne utan namn
Ho blir berre 5 cm. høg, og høyrer til gruppa av små bregner.
Øverst på bregna er bladflikane kvasstagga. Sjå bilde.
Litt merkeleg kombinasjon med det at Murburkna er kalkkrevjande, medan Olavsskjegg veks helst på kalkfattig grunn, så det er ikkje slått heilt fast kva slags berg denne bregna veks på.
Men det er funne nokre eksemplar midt i Sandane sentrum! Og dette til tross for at sentrum langt ifrå oppfyller bregna sine krav til levestad.
Så ta deg ein tur ned til sentrum og sjå om du får auge på denne sjeldne planten.

CC BY-NC 4.0 Murburkne, olavskjegg og kryssning mellom desse. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Rasmus Rygg Årdal 9a juni 2004
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU