Krikkand (Anas crecca)
Krikkanda er lett å kjenne att fordi ho er den minste anda i Europa. Ho er på storleik med ei due, berre 36 cm og veg mellom 250 g. og 350 g. Ho oppheld seg ofte i flokkar og har ei lydlaus flukt. Hannen har brunt hovud med eit bredt grønt band, hoa er brunflekka.
Plassering i kart
Grasand
Krikkanda er ei grasand som held for det meste til ved småvatn, men kan også sjåast i fjøra. I Gloppen er ho ikkje den mest vanlege anda, men vert observert lands Gloppefjorden, ved Rysskleivatnet og i Traudalen.
Vegetarianar
På sommaren et ho insekt og på vinteren er ho vegetarianar. Ho legg 6-10 egg på bakken som ho ruger i kring 3 veker, ungane er flygedyktige etter 6 veker.
Ho er trekkfugl som kjem i april og reiser i august-oktober til England. Nokre overvintrar i Norge.
-
Krikkand hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Krikkand hann i Selvågane Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
To av eit kull på 5 krikkandungar.
22.06.04 Foto: Svein Hjelmesetcbn
Krikkand (Anas crecca) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.