Krakhellenipa
8-9 klassinger frå Solund ungdomsskule. Utsyn frå varden på Krakhellenipa
Solund høgaste fjell
God utsikt over Krakhellesundet og Sognesjøen
Plassering i kart
Dette er Solunds høgaste fjell med sine 569 meter.
Etter ein hard oppstigning frå Dombebotten får ein flata terrenget ut, turen nordover mot toppen minner mykje om fjelllandskapet over 1000 meters høgde andre stadar. Er ein heldig kan ein få syn av ryper og andre fjellfuglar.
Det er fritt syn over Sognesjøen, Losna i aust og terrenget til Krakksnova i nord.
Det er merka tursti gjennom Oladalen til toppen, ein må rekna med to timar gonge.
Den gamle skulevegen mellom Domba og Krakhella er også godt merka, ein times gange kan reknast her.
Krakhellenipa av solund er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.