Jernspurv

Jernspurv
Jernspurv er trekkfugl som kjem i april/mai. Det er ein sky fugl som ikkje er lett å kome inn på. Han sit dessutan høgt i toppen av eit tre og syng.
Plassering i kart
Rundt 20. mai då vi fekk det kraftige snøfallet, vart mange fugleungar klekte. Nakne som dei er, tåler dei lite kulde. Det vart mange reir med døde fugleungar i etter det døgnet.
Uheldig hekking
På Bjørhovdesætra kom det ca. 20 cm snø den 21. mai 2004. Jernspurven hadde 4 nyklekte ungar og eit egg i reiret sitt. Ingen av ungane overlevde det kalde døgnet.
Den stillfarande jernspurven kjem hit i mars/april og byggjer reiret sitt i små einar eller i grantre. Reiret er bygt av grøn mose med tilsetting av skjegglav, strå, kvist og fora med raude sporehusstilkar frå mose.
Reir og egg
Tidleg i mai stiller hannfuglen seg opp i toppen av eit grantre el og framfører sin spinkle, melodiøse sang. Fuglen er sky og vanskeleg å kome nær.
Egga (5-6) er blågrøne. Rugetida er som for andre småfuglar. 12-14 dagar. Fuglen kan ha to kull.
På Bjørhovdesætra kan vi høyre jernspurven syngje no, så han har snart bygt seg eit nytt reir, lagt sine blågrøne egg og håpar på god sommarvarme.
-
Jernspurv Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Jernspurvegg. Reiret ligg i ein eine.
Foto: Svein Hjelmeset Foto: Svein Hjelmeset mai-04cbn
-
Nyklekte ungar i jernspurvreiret Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Den sky jernspurven tittar fram.
Mai 2002 Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Jernspurv Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Jernspurv Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Det kom 20 cm snø då desse ungane vart klekte. Ingen overlevde.
Foto: Svein Hjelmesetcbn
Jernspurv av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.