Sidemeny+

Heksene på Vora

Posted on 10. jun 2004 by in Immateriell kulturarv

Foto: Teikning: Marie Støyva 9a 2003cbn

Heks på veg til Vora.

Vora strekkjer seg 1434 moh sør-vest for Sandalsvatnet og mot Bergheim.
Det går rykter om at det var hekser her før i tida.
Vora var møteplassen for heksene.

Plassering i kart

Turen opp
For å kome opp på dette berykta fjellet, er det to vegar du kan gå.
Vil du ha ein utfordrande tur, går du opp frå skytebana til Byrkjelostøylen og deretter vidare opp.
Den andre vegen er frå Strand, ved Bergheimsvatnet, og opp til Strandeheia. Opp til Strandeheia er det og veldig bratt, vidare opp på toppen er også stigning, men ikkje fullt så bratt.

Heksebrenning
Her skal det ha levd tradisjon om at ein prest i Gloppen var særs sterk i trua på at djevelen hadde sine folk som utøvde trolldom i hans prestegjeld.
Denne presten skal ha oppspora både karar og kvinnfolk, slik at desse vart forhøyrd og brende.

Ei av desse var Anne Øvreset, som vart dømd til døden i 1681. Ho vart skulda for å ha valda dauden til Guri Hansdotter Øvreset med trolldomsmakt og ikkje slege ho i hjell med handemakt. Grunnen til ho skulle teke Guri av dage var av bagatellmessige grunnar.

Jon Teita vart i retten skulda for å vere trollmann. Anne hevda at Jon var saman med henne på Vora, der han «slog paa en tromme». Men Jon nekta for dette.

Nokre år tidlegare vart Ragnhild Myklebust og Brite Veiteberg skulda for å ha fare med trolldom. Brite hadde sagt ja til å vere med Ragnhild på Vora. Der hadde ho sett den onde ånd, med lang, svart presteskjortel. Der klørne stakk ut av skorne, og på hendene hadde han lange klør.
Ragnhild vart spurd om ho visste om andre som hadde vore med henne i trolldomskunsten. Der nemde ho ei anna breimskvinne, Lussie Hole. Trommeslagaren Jon Teita vart igjen nemd.
Ragnhild og Lussie vart brend på bålet i 1663. Brite klarde og kome seg unna denne gongen. Men etter harde forhøyr og ei lang rettsak vart også Brite brend på bålet i 1664.

Ei anna kvinne som vart skulda for hekseri var Gjertrud Andersdotter Hunskår. Ho hadde fare kring i Nordfjord med betleri, og lova ulukker ved avslag.
Og i dette tilfelle hadde Gjertrud sendt ut ein svart hund om natta. Når han beit folk eller krøter, vart det sjukdom.
Gjertrud vart ikkje brend, men halshoggen jonsokafta 1658.

Synneve Torsdotter Øvreset vart den 7.februar 1645. tiltala for at ho hadde «lest udi salt for mageverk» Ho tilstod også i retten at ho verkeleg hadde freista grannen utfor smertene på denne måten. Like eins hadde ho «lest udi ulltråd», både mot beinbrot og forvridningar. Synneve vart dømd til landflyktning, elles ville ho bli halshogd.

Hekseprossesane gjekk føre seg i tidsrommet frå ca 1580 og fram til ca 1710. I denne perioden vart 65 personar tiltala for hekseri i Sogn og Fjordane.

CC BY-NC 4.0 Heksene på Vora av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Susanne Merkesdal Gåsemyr 10a 20004