Gråsisik

Gråsisik
Gråsisik er ein vanleg fugl her på Vestlandet. Sjølv om dette stort sett er ein trekkfugl, kan du som regel sjå han i varierande antal også om vinteren. Då beiter han på frø som han kan finne rundtom i skogen. Han kan og ta seg ein tur innom fuglebrettet. Brunsisik liknar mykje på gråsisik.
Plassering i kart
Utsjånad
Gråsisik blir omlag 13 cm stor og veg rundt 14 gram, han er såleis ein ganske liten fugl. Han er ein gråbrun og mørkstripete fugl med karminraud panneflekk og svart strupeflekk og har ei djup kløft i stjerten. Oversida og vengene er mørke med lyse band. Har eit lite og gulaktig nebb med ein svart liten flekk rett under. Hannfuglen har i motsetnad til ho-fuglen eit rosaraudt bryst, men enkelte hannfuglar liknar på ho-fuglen. Ungane liknar veldig på hofuglen, men dei manglar den raude panneflekken. Han flyg lett av garde i ein bølgjelinja form. Lokkar raskt dje-dje-dje under flukta, som oftast går føre høgt oppe i lufta. Har og ein snerrande drrrrrrr song som han også ofte brukar under flukt.
Hekking
Du finn gråsisiken i heile landet. Han oppheld seg mest i bjørkebeltet, men går også opp i vierregionen. Hekkar berre i låglandet. Den hekkar regelmessig på mørekysten. I nord finn du han heilt ut til kysten. Han er ein selskapeleg fugl og reiser rundt i store flokkar også i lag med grønsisiken. I paringstida flyr den ikkje i flokkar. Du finn reira til gråsisiken i tre, busker eller på bakken. Reiret blir bygt av hofuglen. Det er laga av tørrkvistar, strå og rottrevlar. Det er fora med fjør, planteull, hår og skjegglav. Ho-fuglen legg 5-6 egg i perioden april-juli, men av og til kan ho legge egg så tidleg som i mars og det hender at nokre gråsisikar legg to kull. Egga er blågrøne med gråfiolette og raudbrune flekkar. Flekkane kan av og til også vere svartaktige. Ho-fuglen rugar på egga frå ti til elleve dagar. Når ungane blir klekte, blir dei i reiret i 12-14 dagar. Gråsisiken reiser til varmare strøk i perioden frå oktober til november, men mange fuglar overvintrar i Noreg om dei finn nok mat.
Mat
Gråsisiken heng seg på dei mest forvridde måtar i bjørk, gran og or for å få tak i frø. Dei et også insekt. Ungane blir mata av begge foreldra med oppgulp. Om vinteren finn du han ofte på fuglebrettet. Kor stort kullet er frå år til år blir påverka av produksjonen av frø, som gråsisiken er veldig avhengig av.
-
Gråsisik Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gråsisiken varmar nyklekte ungar. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Gråsisik hann. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Brunsisik Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Gråsisik ho Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Gråsisik Foto: Anders Bergheim Holvikall-rights-reserved
-
Gråsisik ho Foto: Svein Hjelmesetcbn
Gråsisik av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.