Buskskvett Saxicola rubetra (Whinchat)

Buskskvett hann
Buskskvett hekkar sparsomt i Nordfjord, men er vanlegare i indre Sogn. Sangen kan minne om tornsangar som også hekkar spreidd i Sogn og Fjordane.
Plassering i kart
Utsjånad
Litt mindre enn steinskvett ca. 14 cm. Hannfuglen har svartbrune kinn innramma av ein lysande kvit augestrek. Brystet er vakkert rustgult. På vingene kan du sjå to kvite felt. Hofuglen er bleikare i fargane, har brune kinn og gulkvit augestrek. Fuglen set ofte godt oppreist i ein busktopp, på eit gjerde, ledning el og vippar med den korte stjerten. Ungfuglen liknar på hofuglen. Sangen er snerrande og knirkande lydar som er blanda med ureine fløytetonar. Imitator.
Hekking
Buskskvetten likar seg i ope landskap med små busker, dyrka mark, myrområde og skogsglenner opp til bjørkebeltet. Reiret ligg på bakken og er bygt av mose, lav, fine strå og hår. Dei 6 (5-7) blågrøne egga vert lagt i mai-juni. Hofuglen rugar i 12-14 dagar og ungane er i reiret i ca 13 dagar. Insektetar. Kjem i april-mai og reiser i september – oktober til Afrika.
-
Buskskvett hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Buskskvett hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Buskskvett Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Buskskvett hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Buskskvettreir Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Buskskvett Saxicola rubetra (Whinchat) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.