Sidemeny+

Brunburkne

Posted on 13. jun 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Brunburkne med mange sporehus under blada.

Brunburkne (Asplenium adulterinum) er ei sjeldan bregne vi har her i fylket.
Ho vart oppdaga for første gong i Deknepollen i 1907, og den veks kun på olivinhaldig grunn i låglandet.

Plassering i kart

Eigentleg er den ikkje ein kystplante, men grunna olivinforekomstane her på Vestlandet, veks den her likevel.
Brunburkna kan bli opptil 10cm. høg, og har eit veldig karakteristisk trekk på stilken: Den er brun nesten heilt opp til toppen, men så endrar den farge til grøn øverst. Bregna visnar ikkje om hausten og har grøne blad heile vinteren.
Arten har vorte til ved ei dobling av kromosomtalet i ei krysning mellom svartburkne og grønburkne. Enklare forklart: brunburkna er avkommet av svartburkna og grønburkna.

CC BY-NC 4.0 Brunburkne av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Rasmus Rygg Årdal
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU