Sidemeny+

Vipe Latin:Vanellus vanellus Litauisk:pempe

Posted on 15. mai 2004 by in Dyreliv

Vipa er ein trekkfugl som kjem tidleg til Gloppen. Ilag med tjelden er ho eit sikkert vårteikn. Hekkar ho på dyrka mark, er det viktig å få klekt ungane før forhaustaren kjem rundt 10. juni.

Plassering i kart

Kjenneteikn
Vipa har ein lang fjørtopp på hovudet. Oversida på fuglen er grøn-svart med metall-glans, medan undersida er kvit med ein rustbrun undergump. Andletet er kvitt med svarte striper. Hoa har mindre fjørtopp på hovudet sitt enn hannen. Ho er lett å kjenne igjen medan ho flyg med sine breie butte venger.

Utbreiing
Vipa kan du sjå mykje på Sørlandet, og ho hekkar sjeldan over 1000 moh. Frå Nordland og lenger nord, ser du ho mest ut ved kysten. Av alle norske vadefuglar er vipa den som held seg nærmast dyrka mark og landskap med kort gras og myrar. Dette er område vipa er knytt til.

Forplanting
Hannen er aggressiv i hekketida. Hoa rugar på egga medan hannen jagar vekk inntrengjarar. Reiret er ei grop i bakken og er bygd opp av strå. Egga blir lagde i april ? mai og dei blir ruga på i om lag 1 månad. Ungane forlet reiret ganske fort. Dei blir passa godt på til dei er 5 veker gamle. Då kan dei fly.

Næring
Vipa et mest makk, men ho tek også ein god del insekt og sniglar. I fjøra finn ho kreps, muslingar og børstemark som ho tek.Tilpasning
I mars kan vi sjå hannen med sitt akrobatiske spel, som er eit teikn på at våren har kome. Saman med tjeld og stare er vipa ein av dei fyrste av flyttfuglane som kjem tilbake om våren. På denne tida kan det vere mykje snø, og vipa oppheld seg mykje i fjøra. Etter at snøen er reist kan dei begynne med fluktspelet sitt og markere territoriet sitt. I og med at vipa startar hekkinga tidleg, blir mange reir øydelagde av vatn frå snøen. Vipa reiser til varmare strøk i slutten av oktober

CC BY-NC 4.0 Vipe Latin:Vanellus vanellus Litauisk:pempe av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Edvard Aske 9c 2006
Kjelder: Våre fugler: Svein Haftorn og Bjørn Ursing