Sidemeny+

Tranebær

Posted on 21. mai 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Tranebærblomst

Tranebær finn ein fleire stader I Gloppen. På fuktige myrar med grøn eller raud torvmose likar tranebær seg godt. Den raude blomsten, eller det raude bæret er ikkje godt å sjå om underlaget er raud torvmose. På nært hald er blomsten svært fin, men det er kanskje få som har sett han; liten som han er. Trimmar du i lysløypa i Åsen kan du sjå han fleire stader langs løypa.

Plassering i kart

Utsjånad
Tranebær høyrer til lyngfamilien. Den krypande lyngplanten med runde, blanke blad og rosa blomster, kan og vere kvit, men det er sjeldan. Om hausten får han raude bær som er rike på antioksidantar og kan brukast til saft og syltetøy. Bæra inneheld eit forholdsvis høgt nivå av naturlege konserveringsmiddel. Mange seier at bæra smakar best om våren etter ein vinter under snøen. Blada er eviggrøne på den måten at blada vert raudbrune om hausten og at det er dei same blada som blir grøne att om våren.

Veksestad
Vi finn den ganske sjeldan på våt og næringsfattig myrjord. Er som oftast å sjå i myrdrag, myrkanter, sumpstrender
Det er eit gamalt kjerringråd som seier at om ein et tranebær, så blir ein ikkje sjuk. I dag viser forskning at tranebær motarbeidar urinvegsinfeksjon, og kan minske faren for hjarteinfarkt. Den inneheld syrer, som drep bakteriar.
Tranebær er sunt, og er rike på c-vitaminer.

CC BY-NC 4.0 Tranebær av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Siri Byrkjedal 2008
Klassetrinn: 10 c
Kommune: Sandane