Sidemeny+

Storspove

Posted on 11. mai 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Storspove

I Gloppen er det fleir par storspove som rugar kvart år.

Plassering i kart

Kjenneteikn
Om lag 50 ? 60cm lang, og utgjer nebbet om lag 25%. Han veg om lag 750g. Kjønna er ganske like av utsjånad, med mørkebrune flekke og grå- og gulkvite striper. Han har elles eit karakteristisk, flytande fluktspel om våren som avsluttast med rullande og kraftig trillar. Det høyrast av og til frå bakken eit meir langtekkeleg, og sørgje modig flytetone i hekke tida.

Utbreiing
Storspoven trivst best i stort ope landskap. Storspoven trivst på lyng heiar, myrane og strandenger som er udyrka. Han hekkar som regel langs heile kysten. Arten har utbreia seg utruleg langs dalføra i dette århundredet, og hekkar heilt inn til svenskegrensa. Men denne spreiinga har nesten stoppa heilt opp no. Truleg hekkar det om lag 5 og 10 tusen par årleg i Noreg.

Forplantning
Hannen gjer krav på store territorium etter han kjem hit om våren. Hoa held seg til same partner, og begge kjønna deltek i ruginga av dei fire egga. Dei blir ruga på i 4 veker. Som dei fleste vadefuglar forlet ungane reiret når dei blir tørre rett etter klekking, men dei flyg fyrst etter 5-6 veker. Det er hannen som passar mest på fugleungane.

Næring
Næringa varierar sterkt med årstida. Dei lever mest av insekt, meitemark og sniglar, medan dei på kysten leitar etter dyr i fjøresona. Det kan som regel liggje mat nedgrave som børstemarkar og muslingar. Ho beitar også på dyr som lever på jordoverflata som småfisk skjel og sandreker. Han tek óg smågnagarar.

Trekkfugl
Storspove er ein trekkfugl, som når kysten vår i mars. Dei vaksne hofuglane forlet Noreg allereie i juni, medan hannen må bli igjen til ungane kan klare seg sjølv. Skandinaviske storspovar overvintrar på dei britiske øyar, men kan også over vintre i Danmark og vidare sørover.

CC BY-NC 4.0 Storspove av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006