Sidemeny+

Hettemåse Larus ridibundus (Black-headded gull)

Posted on 3. mai 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Hettemåse

Hettemåse har mange stadar gått sterkt tilbake, men her på Sandane har vi ein stor hettemåsekoloni som har vore opp i over 100 hekkande par. Største kolonien av hekkande hettemåse i Sogn og Fjordane. Dei held til for det meste på eit lite skjær i Selvågane. I 2007 var det berre 60 par som hekka i dette onrådet, så no er vi spent på korleis utviklinga vert i 2008.

Plassering i kart

Utsjånad
Hettemåsen har ei vinterdrakt med kvitt hovud, sett vekk i frå ein svart flekk bak øyredekkfjøra, og ein liten svart kant under framsida på auget. Stjerten er også kvit med eit svart tverrband på spissen. Beina er brunraude, og nebbet har ein gulraud tone med svart spiss. I vårdrakta har hovudet ei sjokoladebrun hette og dei får ei grå overside. Når måsen flyg kan du sjå ein tydeleg og kvit kant på framsida av vengene, medan bakkanten er svart som vengespissen. Hettemåsen er ein liten måse. Den er frå 36-38 cm. Måsen blir ca. 300 gram.

Utbreiing og forplanting
Måsen hekkar i koloniar frå Sørlandet og heilt opp til Finnmark. Fuglen er òg observert på Svalbard. Den likar å hekke i nærleiken av ferskvatn, men hekkar også ved brakkvatn og på holmar i saltvatn, som i Selvågane. Hettemåsen likar seg best ved vatn med mykje vegetasjon av siv, og reira ligg som såter i nesten utilgjengeleg sump eller hengemyr. Måsen kan òg leggje reira i grasmark, på stolpar eller i tre. I mai blir det lagt 2-4 egg i reiret som dei lagar av plantestenglar. Egga er olivenbrune med mørkebrune og fiolette flekkar. Etter dryge tre veker, der foreldra byter på å ruge, er dei små ungane ute og det tek omlag. ein månad før dei flyg for første gong.

Tilpassing
Dei fleste hettemåsane flyg sørover om vinteren, mange fer til Vest-Europa, mens nokre flyg heilt til Nord-Europa. Sjølvom høgare temperaturar i sør freistar, er det nokre av hettemåsane som vel å overvintre, særleg på kysten av Sør- og Vestlandet, men også på Austlandet og til og med heilt opp mot polarsirkelen.

Føde
Hettemåsen sitt kosthald er animalsk. Måsen likar å ete fisk, insekt, sniglar, mark, åtsel og avfall.

CC BY-NC 4.0 Hettemåse Larus ridibundus (Black-headded gull) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Torgrim Halse 2007
Kommune: Selvågane