Sidemeny+

Gråtrast

Posted on 3. mai 2004 by in Dyreliv

Foto: Lars Oddvar Bjørkelandcbn

Gråtrast

Gråtrast er den vanlegaste av dei seks trastene her i Nordfjord. Dei byggjer reira sine som regel i tre, og held eit sværa leven om du uroar dei ved reiret. Dei kan få akkut diare i ein slik situasjon, og dei er ganske treffsikre. Sjølv om dei legg små egg og rugar berre i 14 dagar, greier dei å ruge ut eit stort hønseegg.

Plassering i kart

Utsjånad. Gråtrasta er ein av våre mange kjære trostefuglar. Ho har eit rustgult bryst med mørke flekkar. Hovud- og nakkepartiet er grått. Ho har raudbrune venger og svart stjert. Gråtrasta er 26 cm og veg om lag 110 g. Levevis Gråtrasta likar seg særs godt i skogen. Der finn ho mat og der byggjer ho reira sine. Ho er utbreidd over heile landet, også over skogsgrensa. Gråtrasta likar å opptre flokk. Ho livnærar seg av meitemark, sniglar, insekt og bær. Dersom du nærmar deg reiret til gråtrasta, kjem foreldreinstinktet fram i ho. Då blir ho svært nærgåande og kan sleppe ekskrement i håp om å jage fiendane vekk. I oktober-november trekkjer gråtrasta sørover til Frankrike og Spania, eller så tek ho turen over Nordsjøen til Storbritannia. Nokre overvintrar også, særleg når vi har milde vintrar. Medan ho flyg mellom tretoppane i skogen kan du høyre nokre harde ?schakk-schakk? eller nokon vennlegare ?kviih-kviih?. Hekking Gråtrasta hekkar i april-juli. Som dei fleste andre fuglar likar ho og være i fred i hekketida, og er difor litt sky i denne perioden. Ho legg 4-6 grønaktige egg med brune flekkar. Det sirkelforma reiret er laga av gras. Gråtrasten plasserar ofte reiret sitt der to greiner delar seg, i all slags lauvtre. Etter 11-14 dagar ruging er ungane klare til å erobre verda. Dei forlet reiret etter 11-15 dagar.

CC BY-NC 4.0 Gråtrast av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Eirik Kaale 9b 2006
Kommune: Sandane