Sidemeny+

Hinnebregne

Posted on 4. apr 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Eit fint eksemplar av hinnebregna. 2002

Hinnebregna er svært lita og veks helst ut ved kysten. Bregna er imidlertid påvist langs Hyefjorden i Gloppen kommune.

Plassering i kart

Fakta:
Latinsk namn: Hymenophyllum wilsonii
Oppattkalla etter den engelske moseforskaren W. Wilson( 1799-1871)
Sjeldan
Lengde: ca. 5cm, vert forveksla med mose
Stad: Ytre kyststrøk

Hinnebregna er ei av dei sjeldnaste bregnene i Norge, og den veks kun i ytre kyststrøk på Vestlandet. Kaldeklov på vestsida av Hyefjorden er den austlegaste staden i Sogn og Fjordane der denne bregna er funnen.
Bregna veks i bergkløfter der lufta er verna mot fordamping, for dei tynne blada er ekstremt avhengig av konstant fuktig luft. Dette miljøet finn vi i trange, skuggefulle kløfter på kysten.
Sporedanning føregår når som helst på året, avhengig av klima. Slekta har hovudutbreiing i tropane, grunna kravet til fuktig luft.
Bregna kan vekse i store flak, og forvekslast derfor lett med nokre slag mose.

CC BY-NC 4.0 Hinnebregne av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Rasmus Rygg Årdal 9a 12. juni 2004
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU