VORMELI
Vormeli i september 2002. Foto: Olav Kjell Moen
Vormeli, og kalla Utladalsholet, var truleg den mest avsidesliggjande garden i landet, med gardsdrift frå 1784 til ca.1870. Sidan blei Vormeli nytta som støl
Plassering i kart
Historikk Vormeli høyrer til Luster. Det var Torleiv Yttri og Halvor, som seinare fekk namnet Utladalen, som i 1784 begynte å rydda og byggja i Vormeli. I denne tida var det tronge tider og av den grunn søkte folk til utilgjengelege plassar. Minst seks familiar har hatt tilværet på Vormeli. Siste familien som dreiv garden, drog til Amerika kring 1870. Etter denne tida blei Vormeli nytta som støl. Siste sommeren dei var på stølen her var i 1946. Etter denne tida forfall dei spesielle steinhusa.
Når nokon døydde i Vormeli vinterstid, var det uråd å få liket til kyrkjegarden i Fortun. Av den grunn vart det mura ein liten kjellar kring 50 meter frå husa. Her oppbevarte dei liket til det blei vår, då dei frakta det over Keisarpasset til Fortun.
Vormeli betyr varm li. Den ligg sørvendt og lunt til og er svært frodig, trass i ei høgd på 610 moh.
I dagI 1975 starta gruppa Vormelis venner med å restaurere husa. Dei fekk økonomisk stønad hjå Norsk Kulturråd og DNT. Såleis er no Vormeli ei ubetent bu med DNT standardlås. Det er bruer over både Utla og Maradøla, og du kan få ein fin dagstur/ rundtur med Skogadalsbøen som base. Sjå elles DNT-løypenettet.
VORMELI av aardal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.