Sidemeny+

VETTI

Posted on 1. mar 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Vettigrenda ein sommardag. Foto: P.A. Løvdahl. Juli 2001

Vetti Gard og Turiststasjon ligg i Utladalen, ca.5 km frå Hjelle i Øvre Årdal. Frå Hjelle til Vetti er det traktorveg, den såkalla ”Folkevegen”.

Plassering i kart

Historikk
Vetti gard har sidan 1775 tilhøyrt noverande eigars familie, men garden er omtalt allereie i 1120. I tillegg til hovudbruket var det to husmannsplassar i Vetti, Lauvhaugen og Flaten.
Då den Norske Turisforening blei stifta i 1868, fekk Vetti også status som turiststasjon. Til tider kunne plassen vere isolert om vinteren, og brukarane måtte difor vere sjølvforsynte. Fangst og fiske var attåtnæringar på bruka. Vetti har også hatt tradisjon med fjellføring.
Vetti i nyare tid
Det var gardsdrift og fastbuande i Vetti fram til 1985. Etter den tid har det vore busetnad om sommaren, og garden blir no driven som kafe og overnattingsstad. I heile heimre Utladalen blir det drive eit omfattande skjøtselsarbeid, og dette arbeidet inkluderer også Vetti.

CC BY-NC 4.0 VETTI av aardal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kjelder: Rolf og Petter Hefte "Utladalen" 2002