Sidemeny+

Svartebotnen

Posted on 13. mar 2004 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Løypa mot Svatebotnen sett frå Skaveggene. 12. mars 2004

Turen frå Utvikfjellet til vatnet i Svartebotnen er på ca. 11,5 km. Frå mars og utover blir det køyrt opp flotte løyper heilt inn i Svartebotnen.

Plassering i kart

Svartebotnen
Frå mars og utover er det ofte køyrt opp løype frå Utvikfjellet til Støyvastøylen, Skaveggene og heilt inn i Svartebotnen. Dette er ein tur på 23 km tur/retur. Det er ein del høgdeforskjell, så du brukar lenger tid inn til vatnet, enn attende til Utvikfjellet. Naturen er storslagen. Frå Støyvastøylen kan du nyte utsikten mot Eggenipa, Vora og Snønipa.
Når du passerer Skaveggene ser du ned mot Myklebustdalen, Sandalssætra og Fossheimstøylen. Bildet viser også utsikten innover mot sjølve Svartebotnen.
Frå Svartebotnen kan du gå vidare over vatnet og opp på breen. Då er det ikkje så lang veg opp til Ceciliekruna.

CC BY-NC 4.0 Svartebotnen av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2004