STØLSMARADALEN
Stølsmaradalen hausten 2002. Foto: Olav Kjell Moen
Stølsmaradalen tilhøyrde Vetti frå gamalt av, men vart i 1787 seld til andre brukarar.
Plassering i kart
Historikk
Stølsmaradalen tilhøyrde Vetti gard fram til 1787. Til denne tida var området truleg ikkje nytta til stølsdrift. I 1787 vart dalen seld til Midtun og Melheim, og desse bruka nytta etter kvart området som sommarstøl. Stølsretten til Melheim gjekk seinare som medgift, først til Åbøle og seinare til Haug.
Nyare tid
Etter at stølsdrifta tok slutt rett etter krigen, vart sela ståande til nedfalls før DNT starta ei rehabilitering i 70-åra. Mange årdøler gjorde då ein god dugnadsinnsats, både med husreparasjon og arbeid på stiane.
I dag er Stølsmaradalen med sine ubetente hytter eit populært mål for fotturistar som går utanom dei tilrettelagde stiane i Utladalen.
STØLSMARADALEN av aardal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.