Sidemeny+

Stølsliv i Hesjadalen

Posted on 24. mar 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Biletet er teke mot nordaust. 1941 var fyrste året Anna Dalheim stidde i Hesjadalen, det var same året ho vart konfirmert.

Plassering i kart

På biletet ser me, frå venstre: Klara Brennset Kvam, Astrid Sylvi Nokken, Anna Dalheim, Olav Nokken og Martin Kvam.
Selet nærast er Edlingselet som no er eigd av Vidar W. Nesse (gnr. 82, bnr. 1). Bak dette står Ivarselet (bnr. 30). Det tilhøyrde Gjelsengi som vart eige bruk i 1912 då Ivar Person Nesse kjøpte bruket hjå faren, Per Endreson (bnr. 1). Bruket vart selt til brorsonen Wilhelm Erlingson Nesse i 1935. Han fekk seinare begge bruka. Ivarselet vart då rive og materialen vart brukt til å vøla Edlingselet.

CC BY-NC 4.0 Stølsliv i Hesjadalen av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anna Dalheim, 2003.
Kommune: Hesjadalen