Selet til Kollangsneset i Eitredalen

Folksamt på trappa til selet som garden Kollangsneset brukar i Eitredalen. Dei tre damene lengst til høgre på biletet var dei siste budeiene på stølen.
Fem personar og ein hund framfor selet til garden Kollangsneset i Eitredalen. Grøbotneggi i bakgrunnen, og til venstre Skårselet. Det tilhøyrde ein husmannsplass under garden Kollangsneset og vart restaurert for nokre år sidan.
Plassering i kart
Personane på biletet er (frå venstre): Jon Bolstad, Sunniva Karlsen, Ester Karlsen (f. Bolstad), Liv Systad (f. Koldingsnes), Jenny Hellem (f. Bolstad). Ester, Liv og Jenny var dei siste budeiene i Eitredalen. 1966 var siste året det vart støla her.
- Folksamt på trappa til selet som garden Kollangsneset brukar i Eitredalen. Dei tre damene lengst til høgre på biletet var dei siste budeiene på stølen.
Selet til Kollangsneset i Eitredalen av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.