Selet til Jacob Christensen i Tenndalen
Biletet er frå 1995, som var det fyrste året Jacob Christensen støla i Tenndalen. I bakgrunnen ser me heim på Flødna.
Plassering i kart
Jacob Christensen har jamt over hatt 8 – 10 kyr. Han byrja med NRF og Jersey, men har no gått over til berre raudkolle. Dei er mindre og lettbeinte.
Fyrste sommaren vart det mjølka med hand, då var ein nederlendar budeie her.
Sidan vart det ei mjølkemaskin driven av eit bensin-aggregat. Også separatorane og kinna vert drive av dette aggregatet. Smøret vert pakka og sendt med mjølkebilen til Vik Meieri. Dei sender det vidare til ein fabrikk der det vert laga «kalvegodt» eller minkfôr av det.
Selet til Jacob Christensen i Tenndalen av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.