På sykkeltur i Nessadalen
Biletet er teke frå heimste (sørvestre) enden av Nessadalsvatnet, mot Norddalen og Kupa.
Plassering i kart
Jentene er Hilda og Klara Nessestrand. Karane arbeidde for BKV (Bergen Kommunale Veddrift), som hogg ved i Nessadalen under krigen. Arbeidarane budde i ungdomshuset, der dei hadde eiga kokke og åt i kjellaren.
Martin Nessestrand og Theodor Feten køyrde veden med lastebil ned til Skipaplassen ved kaien. Der vart han lasta om bord i båtar og frakta til Bergen. Det var vanskeleg med arbeid under krigen, så allslags karar var på vedhogst her. Mange av dei var urøynde med slikt arbeid.
På sykkeltur i Nessadalen av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.