Sidemeny+

På Kråkestølen i 1942

Posted on 25. mar 2004 by in Jordbruk

Dette er frå stølen i Kråkeskardet,me kallar det Lånefjord-Kråkeskardet.
Kråkestølen som stølen heitte, låg i Kråkeskardet og tilhøyrde husmannsplassen Renninganeset under gard nr. 79, Låne.

Plassering i kart

På trappa ser me Gunnar Dalheim (t.v.), Jofrid Måren som rører i kjelen, og Alvhild Måren (i Furehaugen).
Gunnar Dalheim og ein kamerat kom syklande frå Austlandet, der Gunnar var dreng. Medan Gunnar og kameraten var i Nessadalen gjekk dei ein tur til Kråkestølen for å kjøpa seg geitost. På Kråkestølen hadde dei då både geiter og kyr.

CC BY-NC 4.0 På Kråkestølen i 1942 av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anna Dalheim, 2003
Kommune: Kråkestølen