Sidemeny+

På Harevollnipa

Posted on 22. mar 2004 by in Landskap

Biletet er teke på Harevollnipa 13. august 2000.

Plassering i kart

Personane på biletet er (framme frå venstre): Annett og Uwe Zimmermann, tyske turistar som hadde teke seg til fjells. Bak dei står Olav L. Ulvestad, Barbara (Basia) og Brita.
Dette er nipa (toppen) ovafor Harevollane. Harevollane er skredpartiet (skredavsetninga) mellom Feten og Meland. Harevollnipa går opp i 1406 m o.h., og er endepunktet for merka turstiar både frå Menes og Ulvestad. Her er fin utsikt over fjordar, bygder og fjellparti i kring. Ein kan mellom anna sjå Kvamshesten like utanfor Bygstad.

CC BY-NC 4.0 På Harevollnipa av anders.gjerde@sf-f.kommune.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Olav L. Ulvestad, 2003.
Kommune: Harevollnipa